Det blir Øramartna

Siste helga i juni, 30. juni-1. Juli, blir det Øramartna i år også. Da blir gata fylt med boder og mykje folk! Sentrum for aktiviteten blir Surnadal Billag AS. Dette er hovudarrangementet til Surnadalsøra Velforening.

Øramartna A 3 copy_690x966.jpg

ora2-001.jpg
Sentrale personar bak Øramartnan: F,v. Svein Tjelle, Martinus Grimsmo, Brynhild Tjelle, Lars Sæter, Eldbjørg Flatekval, Halvor Flatekval og Jon Arne Mogstad.

Rundt Billaget blir det serveringssone med kaffesalg, smultringsalg, Thai-vogn mellom anna. Utover mot Gammeløra blir det salg av Fish and Chips.

IMGP3546.JPG

I Trudvang blir det stort loppemarked, og dei skulle gjerne hatt ein auksjon også, men det er ikkje klart enda. Med auksjon på slutten laurdag og lotteritrekning til slutt søndag, kunne ein halde folk lengre i gata.

Av underhaldning har dei i år som i fjor engasjert Trollheimsbrass som vil spele ved Surnadal Billag. Oppe i Billaget blir det ei spesiell utstilling. LMW, med namna Lossius, Mogstad og Welsh bak, vil halde ei utstilling med både lyd, bilde og video.

Surnadal Velforening, som står bak Øramartnan, har nyleg hatt årsmøte. Lars Sæter har tatt over som ledar. Sjølv om han bur på Sætergarda, har han tre år på folkeskulen på Øra før det vart Øye skule på han. Han har også segla på isflak og fiska torsk frå brua på veg til skulen, fortalte han, og i Surnadalsøra Velforening har han mange kjentfolk.

IMGP3549.JPG
Eva-Britt Garte (t.v.) og Rannei Moe Brandsnes viser oss loppemarkedet i Trudvang.

Kvar onsdag er kaféen open i Trudvang, likeeins loppemarkedet. Dette er møteplassen for gamle Ørbøgg.

2018-04-09 12.43.07.jpg
Desse damene hadde hatt ei dugnadsøkt med loppene oppe i salen.

Første arrangementet til velforeninga er 17. mai. Da blir det lokalt tog med Surnadal Hornmusikk og frukost til sjølvkost på Hammerstuene etterpå.

Nytt av året er at Stavganggruppa til pensjonistlaget brukar Trudvang utanom utesesongen.

IMGP3560.JPG

Trafikksikkerhetsplana til kommunen er ute på høring, og der er foreninga opptatt av fartsgrensa gjennom Øra. Den er på 30 km/t. Vi forsto det slik at dei gjerne kunne tenke seg fartshumper for å få farten ned til denne grensa.

IMGP3555.JPG

Brumelen der gammelbrua var, er eit anna område Surnadal Velforening arbeider med, og alt arbeidet er sjølvsagt på dugnad. Brumelen er alt eit attraktivt friområde med både grillbu og mange leikeapparat. Til sommaren blir det sett opp både barnekarusell og eit treningsapparat.

IMGP3556.JPG

IMGP3557.JPG

Skotthyllbane er framleis på plana. Dei leitar etter høveleg plass.

Surnadalsøra Vel har ca 150 medlemmer.

Kontingenten er 100 kr, 150 for ein husstand.