«Det Gamle Foto» på museet
Gamle bilete fortel kulturhistorie. Søndag inviterer Bøfjorden Historielag til fotostund på museet.
Bilete frå hundreåret mellom 1870 og 1970 byr på spennande glimt av det som var. Bygdefoto, persongalleri, bygningar, kultur, kommunikasjon og arbeidsliv frå heile Nordmøre blir formidla via lerret. Det er lagt opp til gjensyn og aha-opplevingar.
Og: Alle som har gamle foto i desse kategoriane, blir oppfordra til å kontakte Bøfjorden Historielag og få sine bilete fram i lyset. Publikum i salen er ei god målgruppe der også mange sit med kunnskap til å kommentere bileta.
På kjøkenet serverer Marit og Inger Lise kaffe med tilbehør.
Bernt G Bøe/Bøfj.Hist.lag
Slåttefolk i Sollia i Settemsdalen rundt 1905.
Surnadalsjekta «Birgitte» losser sand i Kristiansund rundt 1950.
Todalingar på sjøisen
Postkort med Stangvika rundt 1900
Nordvik skule
Mannskap på fiskebåten «Skrøyfa» i 1920-åra
Frakteskuta «Bøfjell» på fotballtur først på 1960-talet
Aking ved Korskyrkja i Stangvik på 1880-talet
Stangvik prestegard med familien Ebbesen i 1880-åra
Songkor på utflukt til Brattset for rundt 80 år sia