Du mitt Nordmøre 2016_Omslag (1)-page-0

Du mitt Nordmøre

Veit du kva jorddraging er, har Styrkår Brørs fått Kleivaprisen, kva lærer ein næming? Dette og mykje anna kan du finne svar på i Du mitt Nordmøre 2016, årsskriftet til Nordmøre Mållag, som er ute no.

Blant bidragsytarane i Du mitt Nordmøre finn vi både innflytta og utflytta nordmøringar i tillegg til dei «ektefødde». Felles for dei er at dei likar å skrive, og då helst på nynorsk. Mange har vore trufaste skrivarar i fleire år, andre er nye av året. Aldersspennet er stort, frå 10-11 år og opp til over 100 (Hans Hyldbakk).

Til saman skapar bidragsytarane ei bok med god variasjon og breidde. Somme skriv dikt, andre noveller, og mange skriv sakprosatekster.

I samband med region- og kommunereformen merker vi oss to artiklar om verdien av å bruke det nynorske skriftspråket. Det er Lodve Solholm, som skiv som styreleiar for Nynorsk kultursentrum, og Møre bispedømme ved biskop, stiftsdirektør og ledar i bispedømmerådet.

Kjell-Erik Nordenson Kallset og Arne Kvendseth frå Tingvoll og Gjemnes deler tankar om Nordmøre og kommunereforma.

Vi nemner noko av stoffet som er frå vår del av Nordmøre:

To surndalingar skriv om forfedrane sine:

Skulemannen Jon Gulla, mangeårig skulesjef i Surnadal, får ein fin, lesbar omtale av sonen Jon Atle Gulla i stykket «Far min, skulesjefen».

Eivind Hasle skriv om arbeidet med boka om morfaren, den trønderske pressemannen og forfattaren Olav Gullvåg. Biografien kom ut før jul i fjor.

Torgeir Leivdal skriv om «Å vere ein bakstrevar - . Om Husasnotra og næmingeutdanninga.» Han er nok ikkje bakstrevar, men bevarar! Han har lært seg eit nytt, gamalt handverk.

25 gonger Bikebeinerrennet er berre ein av bragdane til Styrkår Brørs! Sverre Hatle har hatt ein koseleg samtale med skulemannen, teatermannen, kuturbæraren og friluftsmennesket Styrkår Brørs. Les om han, før du møter han i skiløypa eller på turstigen!

Vi nemner også at utflytta Valsøyfjording, Kjell André Breivik, har ein artikkel om ein gamal, nordisk, førkristen skikk om jorddraging, «Å gå under jordas smykke».

Svein Sæter har eit klokt og lesverdig stykke om flyktningar ut frå kontakten han hadde med Kompani Linge-mannen Knut Haugland. - «Nei, nå må vi ta oss sammen», ville vore orda frå munnen til Haugland.

Siste året mista vi høvdingen Eystein Bæverfjord frå Bæverfjord. Han får gode minneord av Bernt G. Bøe.

Dette var litt om nokre av artiklane i Du mitt Nordmøre 2016. Vi anbefaler det til lesing i mange, gode kveldstunder!

Heile innhaldslista kan du lese nedst i artikkelen.

Skriftstyret har vore Astrid A. Aubert (leiar), Ingrid Kjønnøy og Rolv Sæter.

Du mitt Nordmøre får du kjøpt hos hos NotaBene bokhandel i Surnadal og på Sunndalsøra, ARK på Futura og på Storkaia, på Mega i Surnadal eller på Prix i Rindal og i fleire andre daglegvarebutikkar rundt om på Nordmøre.
Ein kan óg få kjøpt ho gjennom lokallaga i Nordmøre Mållag.

Har du vanskar med å få tak i boka, ta kontakt med salsleiar i Nordmøre Mållag Sverre Hatle, sverhatl@online.no, som alltid er klar til å sende deg så mange eksemplar du vil. Du mitt Nordmøre 2016 har 184 sider og kostar kr. 150,00.

Både Rindal Heimbygdlag og Surnadal Heimbygdlag, som er medlemmer i Trollheimsporten, står saman med fleire mål- og heimbygdlag på Nordmøre bak denne årboka.

Innhaldsliste: 

Du mitt Nordmøre 2016

Føreord

Sju små dikt frå Vårsøglandet

Rolv Sæter: Stortinget 150 år mars 2016 og nordmøringar på tinget i 1866

Christ Allan Sylthe: Tre dikt

Lodve Solholm: Det viktige nynorskfylket

Møre Bispedøme: Den nynorske rikdomen i Møre

Visdomsord

Bernt G. Bøe: Diskriminerer vi morsmålet vårt?

Kjell-Erik Nordenson Kallset: Sett frå Sinsen – Song til heimbygda

Arne Kvendseth: Kommunereform sett frå Skeidsdalen

Edvard Mogstad: Korleis kom raumane til Romsdalen

Svein Sæter: Brev frå ein flyktning

Olav Einset: Daglegliv ved hundreårsskiftet

Astrid Uv og Tor Helge Gravem: Kvitsaum på Nordmøre

Jon Bojer Godal: Geitbåten på Nordmøre

Torgeir Leivdal: Å verte ein bakstrevar

Oddvar Moen: Ei legerekning

Kjell André Brevik: Å gå under jordas smykke - Meir om jorddraging

Berta Aspås: Optimistar (dikt)

Sverre Hatle: Birkebeinaren Brørs

Asbjørn Aarnes: Veidemanns uhell

Astrid A. Aubert: Torbjørn Garshol – Veteran på Freikollen og senior i særklasse

Ivar Barlaup: Inspirasjon i Fjellheimen

Torolv Løset: Haust

Hans H. Hyldbakk: Trollkrem på Røsdalen

Bernt G. Bøe: Minneord om Eistein Bæverfjord

Øyvind Rangøy: Tolv heimstadfragment, to dikt og ei kveldsbøn

Eivind Hasle: Olav Gullvaag – bladmann og bokmann

Jon Atle Gulla: Far min, skulesjefen

Hans H. Hyldbakk: Om å nyte og yte (dikt)

Ingrid Kjønnøy: Stavneset

Tor-Erik Jenstad: Sjøløyskodde

Olav K.Lien: Blomsterglede (dikt)

Øystein Folden: Leplanting og andre raritetar

Rolv Sæter: Om skrivekonkurransen 2016

Sølve Grøteide: Ranet

Simen Grøteide: Flukta

Sunniva Grøteide: Fem minutt

Åsmund Ormset: Målprisen til Solveig og Rolf Hindhammer

Lyst til å skrive i Du mitt Nordmøre?

Om bidragsytarane 2016

Lagstoff 2016

 

Tekst: OleT