Eit slag for målføra

Sverre Hatle og Bernt Bøe slo eit slag for målføra våre under søndagens museumsprogram i Bøfjorden. Er lokale ord og vendingar liv laga, eller hamnar dei i glømmeboka?

Bilete a Sverre SKI mm.jpg
Målføreuttalen kan vera vanskeleg å skrive nøyaktig, sa Sverre Hatle og viste korleis  «Ord te gagns» har prøvd å handtere dette.

Godt oppmøte tyder på interesse for saka. Og den avsluttande dialektkonkurransen røpa at det ikkje står så ille til heller.

Bernt innleia. - Skrift er grafisk notasjon av det vi seier, sa han. Samtidig uttrykte han respekt for at somme held skriftspråk som «noko anna» enn talemålet. - Markedet vil at vi skal skrive «bredbånd» i staden for det vokale «breiband».

Gjennom prologen «Tukl-tal» bruka han mange dialektord – somme som er i dagleg bruk, somme som kanskje virkar pussige.

Ikkje raritetar
I foredraget sitt tok Sverre Hatle tak i dette poenget: - Målføreorda er ikkje raritetar, men bruksord like verdifulle som normert nynorsk eller bokmål!

Han presenterte på ein interessant måte boka «Ord te gagns», som Surnadal Heimbygdlag (med Sverre i spissen, må vi føye til!) gav ut i 2010. Den byggjer på Bjarne Østbø si store samling av surnadalsord og blir rekna som ei av dei beste dialektsamlingane i landet vårt.

Sverre viste korleis boka var oppbygd og kor vanskeleg (umuleg) det er å skrive alle orda slik dei blir uttala frå bygd til bygd. Difor er CD’en i boka nyttig, ikkje minst for folk i andre deler av landet. Den inneheld prøver på korleis surnadalsmålføret kan klinge.

Godbitar
Bernt avrunda programmet. Først med glimt av dagleguttrykk som opprinneleg kjem frå Bibelen – «syndebukk», «sulamitt», «babbel», «virak» og fleire til.

Som finale las han dialektprega godbitar av Leif Halse («Dølaskipperen»), Gunnar Moen («Likningsvisa»), Jørgen Gravvold («Songmøt på Bøfjordskulå») og av Hans Hyldbakk.

Bilete f HAUSTFERD Boka_690x984.jpg
Hyldbakks «Ei haustferd på Nordmøre» kom ut på Heimvegs Forlag i 1951 og blir no utgjeven på nytt av Surnadal Heimbygdlag. Her er det mykje å glede seg til!

Sistnemnte sitt utdrag om Stor-Skålvik frå «Ei haustferd på Nordmøre 1934» var god reklame for denne boka – som nettopp Surnadal Heimbygdlag no gjev ut på nytt.

Tekst og foto: Randi Vetleseter Bøe

Bilete b Sverre og Bernt.jpg
Bernt Bøe (t.h.) takkar Sverre Hatle for det lokale dialektarbeidet hans: - «Enda du ikkje eingong er surndaling, men kjem tu Frænå»!

Bilete c Konkurranse Øyv Geir Magne Peder Ole.jpg
Her er det «haubrott». Rundt bordet sit frå venstre Øyvind Magnor Bøe, Geir Settemsdal, Magne Bøe, Peder A. Sæther og Ole Flessen.

Bilete d Sverre Randi Kirsti.jpg
Kirsti Orheim Aas (t.h.) kom heilt frå Aure – m. a. for å drøfte lokale ord med Sverre og Randi Hatle.

Bilete e Karl og Kolbjørn.jpg
Samlinga på museet interesserer også. Karl Sæther (t.v.) og Kolbjørn Aas er imponerte over dei solide støvlene som fiskar og skomakar Peder Hamnes (Pe Kutrøen) laga til eige sjøbruk.