Ertvingen_715x353

”Ervingen – Ivar Aasen” til Surnadal

 

 

”Ervingen – Ivar Aasen” til Surnadal

 

Som eit ledd i feiringa av Språkåret 2013 blir songspelet ”Ervingen – Ivar Aasen” vist rundt om i landet. Tysdag 29. januar  kl.19.00 kjem turen til Surnadal Kulturhus. Ivar Aasen gjorde fleire reiser gjennom landet for å granske dialektane. Han kom heilt nord til Troms. Sommaren 1846 besøkte han Gjemnes, Tingvoll, Stangvik, Surnadal og Rindal på veg nordover til Helgeland

 

Teaterstykket ”Ervingen” skreiv Ivar Aasen på 1850-talet. Det var ei forteljing om utferd og heimlengt, kjærleik og rotfeste. Fleire av dei mest kjente songane til Ivar Aasen er henta frå stykket. No har teatergruppa Vinje Produksjonar laga eit nytt stykke med utgangspunkt i den gamle historia. På symbolsk vis blir odelsguten i stykket identifisert med Ivar Aasen sjølv, han som store deler av livet sat som ungkar på eit kott i Oslo og sakna både kjærleiken og røtene sine.

 

Ruth Oline Lødemel, som spelar jenta i stykket. er songar og komponist. Ho har laga nye melodiar til ein del av songane.

 

”Vi ønskjer å synleggjera Aasen sin lengt etter kjærleiken og trua på ein eigen norsk identitet. Aasen var oppteken av livsvilkåra til bøndene, og arbeidet hans var viktig for bevisstgjeringa kring spørsmålet om norsk sjølvstende. Det Aasen utretta var med på å styrkja den norske sjølvstenderørsla som leidde fram mot unionsoppløysinga i 1905,” seier gruppa.