Oppmål 1_1024x1031

Spilleglede, overraskingar og nye talent

Fantastiske "18 Centi"

Svarrabærje teaterlag greidde det. Etter fem år uten revy i Surnadal slo dei til med heile 18 centimeter - akkurat passe for ein bygdarevy og det er fantastisk kva revygjengen har fått til. Dei viser det og på scena med speleglede, overraskingar og ikkje minst nye revytalent. Mange av dei gamle er også med som John "Johnse" Sættem, Maren Larsen og Kåre Korsnes. No er alle bilda på plass:

Desse tre aktørane viser stødighet og bind litt revyen saman med oppmåling av hus og heim for eigedomsskatt. - Det er betryggande å få hotellet oppmålt, sa hotelldirektør Bergsvein Brøske, da han til slutt takka for den fantastiske revyen etter premieren i går kveld. Han ville gjerne ha rapporten frå dei tre oppmålarane.

Triveleg premiere - folk kosa seg
Og "18 Centi" hadde det meste - akkurat passe 18 centimeter, som naturleg vart eit gjennomgangstema. Det vart ein utruleg triveleg revypremiere, naturleg litt nervøsitet, nokre feilskjer, men tvers igjennom ærleg og svært humoristisk, med små spark hit og dit innan Surnadal og i til Rindal. To nye songar med melodi - gode tekster og ikkje for lange innslag - kjempebra. Mykje spel på dyr - gjerne små - med menneskelege trekk ofte i uvante omgivelsar. I tillegg eit orkester med Per Holten, Torbjørn Kvande og Helge Nilsen Wesche, som følger artistane og alltid er i bakgrunnen, bortsett fra golfrapen "Det magiske hålet", sammen med Jan Peter Husby. Speling på golfbager og green har eg aldri sett før.

Fenomenale Gøran
Mykje kunne ha vore trekt fram - gjerne alt. Det nye revytalentet - eit naturtalent, spør du meg - er Gøran Bolme - aleine med orkester og saksofon i "Fredagskvelden" (sjå TP TV nedafor og til venstre i Moltemani" saman med Maren Larsen), meget god som nordtrønder i "Storføggeln", må oppleves som molteplukkar med sinkbøtte og ATV saman med Maren Larsen i "Moltemani" og knakande god som flatlus saman med Leif Gjeldnes i "Pårr & Perk" (ein suksess frå russerevyen).

Nils og Kristian Georg
Overraskinga er Nils Egeness. For å vera heilt ærleg: Det hadde eg ikkje venta frå den kanten. Først stormar han inn på scena som døgnfluge i begravelsesbyråbransjen og døyr med krampetrekningar, så avsluttar han første akt med folkemusikkhalvtimen (sjå TP TV nedafor - ulven i Halsa). Den er berre stor. Det er Nils også som tyskar i "5 på gata", der det meste om ein berømt tunnel kjem fram.

Ei anna overrasking er Kristian Georg Svendsli med visa om seg sjøl "Stemmen fra havet" - sjølironi til gangs og Kristian Georg tek seg sjøl lite høgtideleg. Svært positivt for Svarrabærje teaterlag.

Takk Svanhild!
Til slutt, men ikkje sist, vil eg trekkje fram Svanhild Husby - meget god som kar i "Fjøset på Setergara" og som blåmeis frå Rindal (til høgre). Men det er "Formue på lofta" som tek prisen - eigen melodi til tekst av Jørgen Gravvold, vart og vakkert (sjå TP TV nedafor). Takk Svanhild.

Eigen tekst og melodi er det også på "Soria Moria 3", der Lars Rune Sæther syng opera til ny melodi av Per Holten.

Fleire må nemnast: Leif Gjeldnes - god i mange sketsjar, Lars Sæther - god stemme og gode tekster til fine viser, Ingebrigt Røen - solid instruktør og skuespelar, som har samla gjengen i ein  flott revy. Og alle dei andre med veteranane: "Johnse", Maren og Kåre, dansegruppa og orkesteret - hurra for alle i Svarrabærje teaterlag.

No er saka fullt oppdateret på Trollheimsporten med alle videosnuttar på TP TV og alle bilda - god fornøyelse!

Svarrabærje teaterlag er medlemmer av Trollheimsporten med informasjonsside - Klikk på linken. Vil du sjå igjen bildene, TP TV og bilda kan  du finne alt på Nyheter fra Svarrabærje teaterlag frå deira informasjonsside.

Det er få billettar igjen til forestillingane både til fredag og laurdag. Vil du få med det revyen "18 centi" med Svarrabærje teaterlag må du vera snar!

Klikk på "firkanten" på videosnuttane og sjå dei store - klikk også på bilda nedafor og sjå det større og i serie:

 

 

Gøran Bolme i Fredagskvelden.
Nils Egeness i musikkhalvtimen.
Svanhild Husby i Formue på lofta.
Eit fengande avslutningsnummer under premieren i Storstuå.
Johnse i Prostata blues.
Dansegruppa dansa til Cry Wolf.
Jan Peter Husby og orkesteret raper og spiller på golfbager - Per Holten, Torbjørn Kvande og Helge Nilsen Wesche.
Alle i avslutningssongen Surndalingen.
Oppmål 1_1024x1031
Arealet med Johnse Sættem, Maren Larsen og Kåre Korsnes.
Svanhild blåmeis_1024x1080
Svanhild Husby som blåmeis - krasja med tuben.
Maren og Gøran_1024x738
Maren Larsen og Gøran Bolme i Moltemani.
Velkomst_1024x733
Lars Sæther, Ingebrigt Røen, Janne Husby og Oddrun Husby ønska velkommen.
Oppmål 2_1024x756
Maren Larsen, Johnse Sættem og Kåre Korsnes i Arealet.
Eforeldre 1_1024x481
To bilder fra engasjerte foreldre med Leif Gjeldnes, Fay Johansen, Bjørn Tore Brøske, Tuva Telstad og Oda Emilie Hoem.
Eforeldre 2_1024x868
Johnse_1024x2572
Johnse Sættem i Prostata blues.
Fredagskvelden_1024x2469
Gøran Bolme i Fredakskvelden.
Kraftbørsen_1024x1395
Leif Gjeldnes og Jan Peter Husby i Kraftbørsen.
Fjøset på Setergara 1_1024x523
To bilder fra Fjøset på Setergara med Svanhild Husby, Janne Husby, Oddrun Husby, Linda Botten og Fay Johansen.
Fjøset på Setergara 2_1024x2163
Storføggeln med Gøran Bolme.
Storføggeln (2)_1024x1823
Soria Moria 3_1024x514
Lars Rune Sæther flankert av Kåre Korsnes og Johnse Sættem i Soria Moria 3.
Døgnfluer_1024x1147
Jan Peter Husby og Janne Husby i Døgnfluer.
Hjerterom for husløse_1024x680
Hjerterom for husløse med Ingebrigt Røen og Kåre Korsnes.
Folkemusikk_1024x1525
Nils Egeness i Folkemusikkhalvtimen.
Moltemani_1024x1288
Maren Larsen og Gøran Bolme i Moltemani.
Laksfeskarn_1024x1810
Lars Sæther song om Laksfeskarn i Surna.
Skulbussen_1024x826
Leif Gjeldnes og Linda Botten i Skulbussen.
Kristian Georg_1024x1593
Kristian Georg Svensli med stor sjølironi.
5 på gata_1024x1502
5 på gata med Nils Egeness og Kåre Korsnes
Formue på lofta_1024x707
Formue på lofta med Svanhild Husby, Janne Husby, Oddrun Husby, Linda Botten og Fay Johansen.
Vaksevesling_1024x2003
Ingebrigt Røen - skuespelar og instruktør - her i Vaksevesling.
pårr og perk_1024x719
Leif Gjeldnes og Gøran Bolme i Pårr og Perk.
Lars Sæther_1024x2249
Lars Sæther i avslutningsnummeret Surndalingen....
Alle_1024x462
... og her saman med alle og solistkollega Svanhild Husby.
Linda og Ingebrigt_1024x642
Linda Botten fra Svarrabærje teaterlag takka Ingebrigt Røen for jobben som instruktør.
Bergsvein_1024x621
Bergsvein Brøske helsa og takka frå Vårsøg hotell og overrekte blomster til Svanhild Husby - Bergsvein ville ikkje ha klem av kar.