
Fascinerande geologitime
Elever fra 5. trinn møtte opp for å høre og lære. De holdt på med emnet i naturfag.
I midten Harald Egil Folden (til venstre) og Fredrik Løset. Foto: Helene Nergård.
Over 50 seniorar, og ei 5.klasse frå Rindal skole fekk eit uvanleg kyndig innblikk i korleis Nordmørsnaturen er utforma – langt over det folk får orientering om. Nordmørslandskapet vart presentert med sine flater og skråningar eller motbakkar, og vi fekk presentert eksempel på raske landskapsforandringar (t.d. ras) og langsomme endringar. Her har vore både indre påvirkningskrefter og ytre.
Går vi langt nok bakover, har vi også hatt vulkanar i vårt distrikt, t.d. på Resfjellet. Men spesielt er det ytre geologiske krefter som har vore aktive, t.d. gjennom forvitring, elvar som har gravd seg ned på ulike måtar, og ikkje minst isbrear som har skura ned fjellet og t.d. lagt igjen flyttblokker og moreneryggar . Også menneskeleg aktivitet set sine spor, og derfor er visse område verna som landskapsvernområde.
Bergartane og hardheita i dei forklarer kvar det er dalar og fjell. Store delar av Nordmøre består av harde bergartar, men så har det vore kanskje 40 istider, den siste fram til for ca 20 000 år sidan.
Løset fabulerte om korleis elva hadde gravd seg nedover Surnadalen, og ført med seg lausmasse, for ein stor del oppe frå Rindal. Nede i dalen er det 100-120 m lausmasse før ein kjem ned til fast fjell.
Dersom ein reknar at deltaet nede i Surnadal er om lag 5 km2, blir det fleire hundre millionar kubikk lausmasse. Så kanskje kunne det vere ein ide for rindalingane å ta seg noko betalt for all lausmassen frå Rindal som har bygd opp Surnadals-deltaet ?
EH