Flotte 01

Flotte farty på fjorden

Kva pyntar eit fjordmiljø meir enn vakre farty? Flotte båtar skapte liv og gjorde inntrykk under Fjorddag 2019 i Bøfjorden.

Dåmen av gammel storhetstid legg seg over Ilabukta når sundbåten «Framnæs» med passasjerar frå Kristiansund og Halsa tutar stimsignal og klappar til kai - bokstaveleg i kjølvatnet etter fordums fjordabåtar.
 

Linjer frå Missisippi til Ilabukta

«Framnæs» - bygd ved Kleivset Båt & Industriservice i Skålvikfjorden i 2012 – er kopi av sundbåten med same namn som trafikerte hamna i Kristiansund til 1951. Mange originaldelar og byggeteknikk (klinking) er vidareført. Og sjøl om framdrifta i dag skjer med dieselmotor, er den opprinnelege dampmaskina ombord. Og maskinist Steen demonstrerer den med stor glede. Det stilfulle skroget har trekk av dei gamle elvebåtane i Amerika.

Det er altså mykje historie som fossar innover Talgsjøen og Halsafjorden når «Framnæs» gjestar Fjorddagen 2019 – for sjuande år på rad. Ombord fortel Jørgen Strand nettopp om Møre-dampane i fordums tid. Bernt Bøe formidlar historikk og historier både under innoverturen og på det seinare fjordcruiset rundt Bøfjorden.

Flotte 01.jpg
«Presteskøyte 1» skapte atmosfære og interesse attmed kaia på Bølandet.
 

Presteskøyta vekte interesse

Ved Samvirkekaia ligg «Presteskøyte 1» - også vakkert skipshandverk, bygd på Kleivset i 1949. Dette er ein av tre slike skyssbåtar for prestar i det den gong krigsherja Nord-Norge. Surnadalingen Roald Røe eig no den flotte skøyta, som vekte stor interesse blant eit talrikt pulikum på Bølandet. Halsabyggen Konrad Oterholm (den gong prest i Loppa) var pådrivar til bygginga av presteskøytene. På sjøbruksmuseet om ettermiddagen fortalte sønnen Eirik om gutedagane med presteskøyta. Og hans søskenbarn Einar skreiv i 2002 boka «Presteskøytene».

Flotte 02.jpg
Pause ved flytebrygga. «Fosnabåten» (inst) og «Hjelmkonnå» er lagt til ro etter kapproinga, medan «Framnæs» ventar på passasjerane til fjordcruiset.
 

Kapproing med flotte båtar

Vel svikta valsøyfjordingane som skulle vise sin nybygde fyring under kapproinga på Fjorddagen. Men «Fosnabåten» (Heggemsbåten) frå 1870-åra og 10-årsjubilanten «Hjelmkonnå» (også bygde etter ideal frå 1800-talet) utførte ein flott regatta rundt Bøfjordholmane. Ujamnt parti var det nok, men dei 5 vaksne frå Heggemstranda – kvar med 2 årer – gjorde formidabel innsats, sjøl om det ungdommeleg Hjelmkonnålaget (14 roarar med ei åre kvar) braut målsnora først. Og du verden – så flotte båtar!

Bø Grendalag skapte god atmosfære og hadde stod omsetning av kaffemat og pølser på Saga.

Flotte 03a.jpg
Med ungdommeleg mannskap vann «Hjelmkonnå» rokonkurransen mot «Fosnabåten».
 

Modell av «Cutty Sark»

Fjorddagen vart avslutta på sjøbruksmuseet. Der fortalte som nemnt fetterane Oterholm om presteskøytene, og Jon Storløkken heldt eit fascinerande kåseri om 150-årsjubilanten «Cutty Sark». Han gav museet ein eigenhendig modell av den flotte klipperseglaren og krydra bileta på skjermen med imponerande historikk.

Sjeldan samlast så mykje folk i det tradisjonsrike sjøfartsmiljøet i Bøfjorden som på dei årlege fjorddagane.

Flotte 04.jpg
Jon Storløkken kåserte om «Cutty Sark» og gav sjøllaga modell til Bøfjorden Sjøbruksmuseum.

Flotte 05.jpg
Unge Christina sørga kaffe, bakels og sjokoladekake til Framnæs-passasjerane.

Flotte 06.jpg
Einar (t.v.) og Eirik Oterholm med museets modell av «Presteskøyta». Denne vart påbegynt av Arthur Magnussen, da han i 1949 var med og bygde dei tre presteskøytene på Kleivset. Nevøen Halvor Sandnes fekk Gunnar Strand til å fullføre modellen – som han så overlet til museet i Bøfjorden.
 

Tekst og foto: Bernt G Bøe