Kollasjer

Musikkorpset Blæst’n 40 år

Førti, fresk og ferau

Musikkorpset Blæst’n i Rindal er ikkje inne i ei «Førtiårskrise»! Snarare tvert imot – dei er stadig friskare. For 10 år sidan jubilerte dei med to kor og to korps, no jubilerer dei med heile tre konsertar!

Over ser vi mellom anna to unge musikarar frå gjestekorpset Mo Skulekorps.

Salen.JPG

Laurdag gjekk den andre jubileumskonserten av stabelen i Torshall med seks gjestekorps og fleire solistar frå to fylke med rundt 30 musikkstykke av mange sjangrar frå fleire kontinent og tidsaldrar.

Blæst’n har aldri hatt så stort arrangement, og i Torshall var det fullt både i sal og på scene!

Les om den første 40-årsjubileumskonserten der Kor Gøttj og Tormod var gjestar her!

Helen Nergård Tørset er ledar av Blæst’n i jubileumsåret. Saman med Leif Magne Rindalsholt og Gro Løfaldli har ho vore med i Blæst’n heilt frå starten. Solveig Grytbakk var første dirigenten, og utan hennar innsats hadde det ikkje vore noko Blæst’n, fortel Helen.

HølondaHornmusikklag.Helene.JPG
Hølonda Hornmusikklag var minste gruppa.

Solister i Trollheimsbrass. Frode Sæterbø og Gro Løfaldli. Helene_690x1035.jpg
Trollheimsbrass er Tyrolerinspirert. Her med solistane Frode Sæterbø og Gro Løfaldli. i ein svært frisk og godt gjennomført duett.

Orkdal janitsjar Helene.JPG
Orkdal Janitsjar.

Løkken musikkorps. Kåre Svartbekk på tuba Helene_690x1035.jpg
Kåre Svartbekk (over) var solist på tuba, og Jørn Bjørnås (under) var solist på altsaksofon med Løkken Musikkorps

Solist Løkken musikkorps, Jørn Bjørnås, altsaksofon. Helene_690x1035.jpg

Surnadal Hornhusikk 1.JPG
Surnadal Hornmusikk framførte Moldau av Smetana. Det er symfonisk musikk der dei gjerne skulle hatt større besetning. Derfor ønsker dei gjerne samarbeid med Blæst’n for å få til meir slik musikk.

Mo Skulekorps.JPG

Mo Skulekorps hadde mellom anna innslag med stødig klarinettsolo, og har solid støtte av elevar som har gått på skulen for ein god del år sidan. Flott tiltak i Øvre Surnadal! Mo hadde nok yngste programinnslaget med Markus & Martinus sin låt «Elektrisk», og den danskfødte dirigenten Anja Poulsen leda korpset gjennom stykket «Norwegian Sunset» av den danske komponisten Bent Fabritius Bjerre.

Anja Poulsen fekk også med seg heile salen som rytmeseksjon, der dei både klappa og trampa rytmisk til Mo Skulekorps på eit nummer.

Blæst'n og Mo.jpg
Blæst'n og Mo Skulekorps hadde fellesnummer.

Konserten laurdag vart avslutta med ei avdeling med Musikkorpset Blæst’n, og der briljerte konferansier og dirigent Olav Morten Tørset med sine introduksjonar!

Olav Morten Nergård.JPG
- Gjestane tek seg av det seriøse. Vi kan ligge litt på sida, sa Olav Morten Tørset. (Musikalsk slips, forresten!)

Jan Sturla Jensvold med trekkspell_690x781.jpg
- Trekkspell er heilt normalt soloinstrument i korps. Solist Jan Sturla Jensvold.

Blæst'n m trekkspell.jpg

Magne Lillegård med Blæst'n.JPG
- Batteristen vår, Magne Lillegård, skal sjølvsagt synge solo. Og vi felkk ei nydeleg framføring av Stings «Moon over Bourbon Street».

Karstein Mauset Muligens-Pe.JPG
- No kjem muligens Pe!
Karstein Mauset.JPG
Lyd-, lys- og altmulegmann i Torshall, Karstein Mauset, har laga melodi til desse versa om muligens Pe av Hans Hyldbakk. Musikkorpset Blæst’n spelar forresten i lag med Karstein og Perikom på plata Bastuba.

Jubileumsforsamling.JPG

Siste nummer som gledde publikum var «Ompa til du dør» (Kaizers Orchestra) -
- Slik blir det nok med oss korpsmusikarar, avslutta Tørset, - Ja, du skal dansa ompa til du.. skal dansa ompa til du dør.

Les stor jubileumsomtale på Trollheimsporten her!

Den tredje jubileumskonserten blir i Rindal kirke under Kulturvøkku 2019, og da blir det full kjerke!

Foto: Helene M. Nergård og Ole Trygve Foseide