Annonse:

Folkeminne henta fram frå glømmeboka: "På eventyrvis"

Blant nye skrifter på årets førjulsmarked er Bøfjorden Historielag si folkeminnesamling «På eventyrvis». Her er over hundre nordmørske segner, eventyr, gåter, ordtak og forteljingar samla.

00 PÅ EVENTYRVIS A Framside.jpg

Skattar av lokal forteljekunst frå gamle nedskrifter og muntlege overleveringar fyller dei 60 sidene i boka.  Mykje av dette har vore glømt i mange tiår og fortrengt av såkalla «moderne» underhaldning.

Bøfjorden Historielag har henta frodige historier, spennande eventyr og artige stubbar fram frå «glømmeboka» og hermed gjort dei tilgjengelege på nytt. Boka har stoff frå omtrent kvar ei bygd på Nordmøre – stoff som dei fleste nok ikkje kjenner til.

Mange av dei gode forteljarane er også presenterte mellom permane – Marit Glærum, Einar Heggem, Lisbet Kamsvåg, Arnøra-folket i Bøfjorden og titals andre. Blant nedskrivarane finn vi Maurits Fugelsøy, Hans Hyldbakk og ikkje minst straumsnesingen Edvard Langset. Det meste er skrive på lettleseleg dialekt.

Har du høyrt om den smarte «Vaulaguten»? Om «Trollgaupå i Kvalnesvikjen»? Om korleis surnadalspresten Hær-Johan tok nuven av Djevelen? Eller «Pengpungjen så alder vart tom»?

Viss ikkje: Dette og mykje anna eventyrleg tradisjonsunderhaldning finst her i moderne utforming.

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.

00 På eventyrvis b GUTEN I GADDA.jpg
«Guten i gadda» frå Settemsdalen er av ekspertar omtala som unikt i norsk eventyrlitteratur.​

00 På eventyrvis c HAN ERK.jpg
Erich Olsøn Heggem var tillagt overnaturlege evner. Boka har mange fantastiske historier om denne personen – som verkeleg har levd!

00 På eventyrvis d TROLLGAUPÅ.jpg
Gaupa i peisen i Kvalnesvika varsla ulykke ...