003_1024x683

Redesign i skuddet

Frå avlagt bukse til stilig skjørt

At det er liv og røre kring Vårsøg Hotell er ikkje noko nytt. I helga har det derimot vore aktivitet litt utanom det vanlege på plassen. Det er nemleg ikkje kvar dag ein hører symaskindur derifrå! Forklaringa er eit kurs i redesign av klede i regi Norges Husflidslag med Surnadal Husflidslag som vertskap. Ni unge jenter frå Møre og Romsdal og Trøndelag deltok på kurset som gjekk frå fredag kveld til middag søndag. I løpet av denne tida skulle ei gammal bukse forvandlast til eit stilig skjørt med foldekant!

Unge damer i full konsentrasjon over arbeidet.

Fagleg ansvarleg og lærar på kurset var klesdesigner Veronika Glitsch, og som sidan 2006 har reist landet rundt med ei rekkje kurs i Design og søm av klær, Redesign av klær og Mønsterkonstruksjon. Ho fortel om auka interesse for redesign av klede dei siste åra, og ho ser på redesign som eit positivt tiltak for å få gjort noko med søppelberget som kleda blir ein del av når dei blir kasta. Ho fortel at Fretex kan ta seg av berre ein liten del av søppelberget med klede, og minner om at mange tekstilar inneheld giftstoff som kan vera skadeleg for naturen.

Barne- og ungdomskonsulent i Norges Husflidslag, Elin Gilde Garvin, var også til stades under kurset på Vårsøg hotell. Ho fortel at kurset er ein del av ungdomssatsinga til husflidslaget, og at eit hovudpoeng med akkurat dette kurset er å få testa ut eit kursopplegg når det gjeld redesign av klede. Ein prøver ut ei «oppskrift» som kursleiarar kan bruke ved slike kurs. Det skriftlege materialet er utvikla av Veronika Glitsch. Tema denne første gongen er «frå bukse til skjørt», og det vil bli to kurs til i denne redesignserien. «Frå herreskjorte til tunika» er eitt av dei seinare tema. Les mer om redesign av klær på reflid.no.

 

 Moro med symaskin! Ei rutete bukse endar opp som eit flott skjørt!

Barne- og ungdomskonsulent i Norges Husflidslag, Elin Gilde Garvin, var til stades på Vårsøg hotell for å observere og hjelpe til.