Frå harrajømmer til myhank
Nils Røv hadde forsamlinga i si hule
hand straks han fekk ordet og minte forsamlinga om «harrajømrå».
Temaet hans var gamle, gode namn på fuglar, insekt, fisk og anna
småkryp. Alt spedd opp med gode småstubbar.
Vendehals kallast sågauk, for når den kom, var det tid for å så. Sågauken var flink til å legge nye egg om gutungane tok eitt eller to. Han meinte at han hadde høyrt at ein rindalsgut hadde teke 20 egg frå eitt reir. Desse vart spreidd til samlarar i Rindal og Øvre Surnadal. Eggsamling er ikkje akseptert som hobby lenger, og bra er det.
Ormen var det farlegaste småkrypet, - men vi var usikre på om firfisla, eller ø'la (øgla) som dei sa, var farleg, sa han. Apoteket hadde dyvelsdrek (ty. Teufelsdreck – djevlemøkk) som kvinnfolka kunne smøre på stakklinninga når dei var i bærskogen. Det heldt ormen unna. Det var ein som hadde smurt dyvelsdrek rundt heile hytta si. Etterpå kom spørsmålet: Enn om ormen var innafor ringen?
Ørstøng – øyenstikker – var ein anna «farleg» skapning!
Mott var eit uønska husdyr. Mottfløggu åt opp kleda. Ein surndaling var plaga med mott og drog på apoteket og kjøpte mottkuler. Dagen etter kom han att og skulle ha fleire. «Er du sterkt plaget?» spurte apotekaren. «Nei, det er berre ein, men han e forferdele vanskele å treff», sa surndalingen.
Så var Nils Røv innom ørne, fjelljø(fjellvåk), sperrhauk, hønhauk, langkakkspove og trollråggå(rugda) . Den siste kunne visst mjølke kyrne i utmarka.
Mækkergauk(enkeltbekkasin), eller hummergeit fekk vi høre imitasjon av, og vi fekk høre skarringa til fjellrypa/fjellskarven/skarvrypa. Usikkert om skarv-namnet kjem av lyden eller av skarv, som er eit gammalt ord for fjell (Hallingskarvet).
Furuskjor/nøtteskrike og grønskjor – gulspurven som kan telje til sju fekk vi sjølvsagt høre.
Vi fekk også høre historia om Gjertrudsfuglen, svartspetten. Den kan du lese ein versjon av her: http://www.av-senteret.no/nettskolen9899/6kl/norsk/eventyr/gjertrudsfuglen.htm
Gaptrasten var vanleg i Mo-sokna, og skjekkelskjora fanst også. Det namnet kunne ha dobbel betydning. Obyskråk og rotkråk trong ikkje ha fjørdrakt, og oppå Rindalsskoga var det observert regnkråkå, og det den spådd stemt alltid: Enten så va det regn, eller så vart det regn!
Fluå, eller fløggu er det også mange sorta av: husfluå, hestfluå, spyfluå, svartfluå, møkkjfluå og steinfluå. Mymaur, av å mige - pessmymaur kjenner vi, men også ætermymaur, hestmymaur og flygemymaur kryr det av.
Til slutt nokre fiskar: gråstet og blankstet, blankaure og gråaure, grytvassaure og flaugstet, og særleg fint var det med svelong og laks. Gjerne ein vågalaks (1 våg = 18 kg). Småfiskar som tindaure og kvasstindaure brydde vi oss mindre om.
Gjætslæp og kveldsskjenglå var ekle skapningar på kvar sin måte. I den kategorien kjem vel kongel, langfotakongel og myhank også.
Heile tida under kåseriet var det attkjennande nikking og humring i forsamlinga, noko som kan oppsummerast i kommentaren: «Ta va verskele gøitt å hør, ja!»
Heilt til slutt refererer vi følgjande frå seksualundervisninga i Mosokna på 40-50-talet: Ungane kom frå Rindala. Der voks dei på tre. Mødrene tok Rindalsbussen oppover og rista dei ned og kom nedover att med bussa. At det var fødestuggu der, vart ikkje nemnt for ungane.