Bøfjorden Sjøbruksmuseum melder:
Gamle vegar som tema
Kvar gjekk postvegen i gamle dagar? Kven opna Markavegen? Hugsar du da mjølkeruta kroka seg innom alle gardstun? Gamle vegar er tema på museet i Bøfjorden søndag.
Bildet over: Desse tre har stansa ved Staupbrua på den gamle Settemsdalsvegen. Kva skjedde her i 1896?
Måleri og gulna papir kastar lys over dei kongelege ferdselsårene. Foto og folkeminne leitar opp nedgrodde kjerrevegar. Ulike prosjekt viser korleis ferdsla har skifta - i Todalen, Stangvika, Halsa og Bøfjorden.
Drama og artighet langs gammelvegen krydrar historielagets biletkåseri. Postbering frå Røen til Stangvika var ikkje ufarleg! Og kva som skremte karane i Settemsdalen i 1896, visste du kanskje ikkje? Med diktarar og kongar i manuskriptet er også kjendisprofilen sikra.
Etter kåseriet blir det spasertur frå museet utover Bakkabukta. Under vandringa stansar ein og minnest både skipsverft, hollendersagbruk, legendariske handelsmenn, sildnotbruk, «trivelegaste heimen i Bøfjorden» (sitat Hyldbakk) – og sjølsagt bruer og vegar som langt på veg er forsvunne.
Postvegen – «Gamle Kongevei» mellom Bergen og Trondheim gjekk forbi skysstasjonen og gjestgjevargarden Røv i Surnadal.
Bussen snirkla seg langs Bua og Sentralen på Åsskard.
Sollisvingen – idyllisk og somtid utfordrande. Snøkledde Tussar i bakgrunnen.
Høgbrua over Settemselva - eit skjult, fint byggverk.
Bøfjorden Sjøbruksmuseum er medlem i Trollheimsporten.