XX Insert (6)

Bøfjorden historielag annonser:

Gardshistorie på museet

Garden Staknes er ramme for programmet på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag.

Garden på Bølandet har ei fargerik historie. Her var uvanleg dyktige arbeidsfolk som braut nyland med natta til hjelp. Fleire av dei møtte bjønnen på nært hald, ja – patriarken Erk jaga bamsen med eigne hender.

Sønnen Kristen var ordkunstnar og bereist sjømann – «like kjent borti Bergen som i brystduklommen sin» og blir enno sitert for sin famøse bruretale til bror Pe og svigerinne Brit. Pe sjøl bar materialen opp lia og bygde nytt seterfjøs da han var 76 år ...

Gardshistorie c Kristen.jpg
Kristen Staknes (1851-1911) – sjømann og spøkefugl.

Gardshistorie b Pe og Brit.jpg
Pe og Brit dreiv garden for meir enn hundre år sia.

Også i nyare tid har folket gjort imponerande arbeid både på garden, med sine frakteskuter langs kysten og i yrkeslivet elles.

Gardshistorie a2 Kåsør BGB.jpg
Bernt Bøe var nabogut og onnakar i Stakkneset. Han har samla bilete og tekst frå ei frodig historie.

Bernt Bøe kåserer og viser foto. Programmet spenner frå 1700-talet, da Stakknes-bonden gjorde skatteopprør og truga tiendeforpaktaren med juling, til dagens meir fredelege gardfolk.

På museet har forresten Torbjørg og Eldfrid koka på kaffekjelen ...

Gardshistorie d Storfamilien.jpg
Storfamilien samla først på 1960-talet.

Gardshistorie e Setra.jpg
Setra – populært turmål både sommar og vinter.

Gardshistorie f Per og Skallagrimen.jpg
Per og Skallagrimen under våronna på 1950-talet

Gardshistorie g BØFJORD på grunn 1992.jpg
Staknesbåten «Bøfjord» på grunn etter nyårsorkanen 1992.

2018 08 26 Plakat Museet.jpg

 

Tekst/foto: Bernt G. Bøe/Bøfj. Historielag