Styret i venneforeninga 690

Gir bort 100 000 – igjen

Det er ikkje alle forunt å ha slike venner som Rindal skimuseum! På venneforeninga sitt kombinerte årsmøte og juleavslutning tirsdag kveld vart det gjort vedtak om å gje skimuséet ein julegave på kr 100 000, - igjen

 

For dette er ikkje første gongen venneforeninga tek på seg spanderbuksene. Dette blir 3. gongen etter at skimuseet vart opna i 2014 at muséet får ein gave på kr 100 000.

 – Dette er berre storarta, sa avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli, som tok imot gaven. - De gjer ein heilt uvurderleg frivillig innsats for skimuséet, både praktisk og økonomisk!


Gaver til museum på minst kr 100 000 utløyser i tillegg gaveforsterkingsmidlar frå kulturdepartementet på 25 % av gavesummen, og med det blir 100 000 til 125 000. Gaveforsterkingsmidla kjem etter godkjent søknad frå mottakar, der mottakar, i samråd med gjevar, har skissert ein plan for kva pengane skal brukast til.
 

Juleavslutning 2018. 690 JPG.jpg


Vel 30 av venneforeninga sine 102 medlemmer var tirsdag kveld oppmøtte til servering av julegraut og kaffe. I tillegg var det val og vanlege årsmøtesaker. I årsmeldinga var alle aktivitetane til foreninga omtala. Arrangering av grautdag og potetnattvore, søndagskafé i Bjørnåsstøggu, sal av lefser på julemessa og sal av eigenprodusert museumskalender er hovedinntektskildene.

Så snart kontoen vår har passert 100 000, tømmer vi han, med andre ord gir pengane til muséet, og startar opp att frå null, sa leiar i venneforeninga, Ann Elin Hess Brønstad.
– Det er skimuséet vi arbeider for.
 

Potetonn 690.jpg

I tillegg til økonomisk innbringande verksemd, gjer venneforeninga også ein stor innsats i vidareformidling av gammel kunnskap til elevar i barneskulen. I vår vart det laga potet-, korn- og grønsakhage på museumsområdet, der ungane fekk vere med på potetopptaking.
–Til stor glede for både ung og gammel.

 

Bildet over:
Rindal skimuseum si venneforening har eit kvinnedominert styre: Ann Ingeborg Grimsmo, Margret Meland, Sidsel Bolme, Ann Elin Hess Brønstad og Ragnhild Stavne Bolme i lag med avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli.