lys gjenbruk

NMS Gjenbruk melder:

Gjenbruk av lysestumpar

Etter jul er det mange som har lysestumpar. Vi i gjenbruksbutikken på Skei tek imot brukte varer og sel dei ut igjen for ein høveleg pris. Men når det gjeld lys så kan vi minst seie at vi foredlar varene. Dei lysestumpane som vi får inn sender vi til vårt lysstøperi på Melhus.

Knausen lysstøperi sender så dei nye lysa som blir laga ut til alle gjenbruksbutikkane våre.  

Vi får mange gode tilbakemeldingar om desse lysa. Dei brenn jamnt og fint og renn ikkje så lett nedover.  Vi sel svært mange typar lys i mange farger. Vi har korte og lange. Tynne og kubbelys. Vi har former som pyramide, kjegle og kule. Det er også fleire typar overflater. Det viktigaste er likevel at pengane går til eit godt formål. Både i gjenbruksbutikkane og på Knausen lysstøperi er det frivillige som gjer arbeidet utan løn.  

Biletet viser ein del som er laga spesielt til busdagar som 50 år og 80 år m.m.

Se flere saker om NMS Gjenbruk på deres infosider på Trollheimsporten her