Skei

Nytt medlem:

Gjenbruk på Trollheimsporten

Midt på Skei i Surnadal, i Landbrukshuset, ligg butikken til NMS Gjenbruk. Dette er ein av dei mange gjenbruksbutikkane til Det Norske Misjonsselskap. Nå er også NMS Gjenbruk Skei medlem av Trollheimsporten.

Her finn du eit variert utvalg av varer som folk har levert inn. Varene er brukte, men ikkje utslitte. 

Overskotet av salget gjev menneske i andre deler av verda eit verdig liv og eit varig håp. Gjenbruksmedarbeidarane jobbar gratis i butikkane. I butikken finn du også ein kaffikrok og nokon som har tid til å prate.

Den første butikken til NMS Gjenbruk i Norge vart opna i november 1998. Det var da ei heilt ny form for kristent arbeid i Norge. Det vart fort ein suksess, og i dag er det over 40 gjenbruksbutikkar i Norge.

Du kan sjå infosida til NMS Gjenbruk Skei her!