Bokomslag_690x464

Gjev ut bok om Søyådalen

Søndag 31. mai blir boka "Søyådalen - utmarkshistorie frå Eidet" lansert i Bondehuset i Stangvik. Boka er forfatta av Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes. Dei tre ga i 2010 ut "Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka".

- Boka som vi gjev ut no er ein nær slektning av Kvenndalsboka. Men ein god del er også annleis her. Emneutvalet er breiare, og det geografiske området som boka tek utgangspunkt i er vidare. Til slutt satt vi med eit manus og tilfang av bilder som gjorde undertittelen "Utmarkshistorie frå Eidet" dekkande, fortel dei tre forfattarane.

Boka er på over 300 sider, som også inkluderar eit stadnamnregister på 1048 namn. På 871 av desse er gps-posisjonen lagt inn. Registeret er dermed ein fin vegvisar for den skulle ha interesse av å utforske dette området nærare.

Stangvik Historielag står som utgjevar av boka. På same måte som med Kvenndalsboka, har forfattarane gjort alt arbeidet på dugnad.

- Det har vore eit omfattande, og svært gjevande, arbeid. Vi har heller ikkje vore åleine. Bokprosjektet utløyste eit stort engasjement blant folk, og mange har stilt opp for oss, seier dei tre.

Oversynet over kjelder viser at godt over hundre personar har gjeve muntlege bidrag til boka, medan rundt seksti har bidratt med foto. I tillegg kjem ei lang liste med skriftlege kjelder.

Forfattarane takkar Gjensidige og Surnadal kommune for økonomiske tilskott til boka. Ein heilt spesiell takk ønskjer dei å gje til Surnadal Sparebank, som såg verdien i prosjektet og la til rette for å få finansieringa på plass. Åge Fossum ved Mediahuset på Sunndalsøra har gjort ein framfrå jobb med den grafiske utforminga av boka.

Under lanseringa i Bondehuset vil forfattarane fortelje om boka og arbeidet med denne. Det blir vidare ein sekvens med vising av eit utval av det svært rike bildetilfanget i boka. Karstein Mauset bidreg med musikalske innslag, før det heile blir avslutta med sal og signering.
 

Stangvik historielag ga ut boka om Kvenndalen i 2010. Det kan du lese om i denne artikkelen frå Trollheimsporten: Stor interesse for boka om Kvenndalen

Arbeidet med boka om Søyådalen kan du lese om på Lars Steinar Ansnes sin blogg: http://fintenkjarplassen.blogg.no/


Her kan du kjøpe boka "Søyådalen - utmarkshistorie frå Eidet" frå onsdag 3. juni:
- NMS Gjenbruk på Skei (onsdag - torsdag - fredag 12 - 16.30 - laurdag 11 - 14)
- Joker Kvanne
- Ica Nær Todalen
- Erling Myrbostad, Austre Lia, tlf. 971 92 668


Innsendt av Stangvik Historielag