Godt besøkt Bøfjordhelg
Mykje folk og fine opplevingar prega Bøfjordhelga 2017. Historielaget, Bø Grendalag og bygdekvinnelaget var hovudarrangørar.
Programmet starta med fullt hus på Kveldheim fredag. Fine hobbyprodukt og kunstverk vekte interesse og ein viss kjøpelyst. Bø Grendalag sytte for bevertning og hadde god inntekt på både matsalg og utlodning.
- Dette vekkjer flotte barndomsminne, sa ei glad Edel Mikkelsen til biletkunstnar Hilda-Karin Aass, som vi her ser saman med ektemann Torolf og barnebarn Nikolai (t.h.)
Kunst frå Storberget
Hovudgevinsten, eit bilete laga av Hilda-Karin Aass med Storberglykta som motiv, vart vunne av Edel Mikkelsen - eit flott motiv frå oppveksten hennar på Bølandet.
Bokstavleg tala: Todalen førte an, og Bøfjord kom på etterskudd på Leikarvollen. Men kva gjer det i ein vennskapskamp?
På Leikarvollen møttest Bøfjord og Todalen til vennskapskamp i fotball – med solid seier til gjestelaget.
Ny kafe og gamle kjørety
Dag to starta med gratis og populær frukost i den nye kafeteriaen på samvirkelaget. Og no vart namnet på lokalet avslørt: «Gammelkontoret».
«Gammelkontoret» vart ein triveleg kafeteria, synest Leif Erling Bøe, Randi Bøe, Gunhild Bøklep Bøe og Inger Lise Heggem.
Frå middag til kvelds var med grendahuset med Leikarvollen møtestad. Ute var det samla veterankjørety – bilar, traktorar, moped og jeep. Geir Visnes kom med sin fint oppussa militærbil frå 1945. Namnebror Geir Settemsdal held bestefar Lars Bele sin 1969-modell Tempo Safir godt i stand, og med tilhørande hjelm - og ryggsekk - utgjorde mopeden eit fint nostalgisk innslag.
Tempo Safir 1969 går fint den dag i dag, seier Geir Settemsdal om bestefarens moped.
Skotthyll, basar og strikkaklede
Truleg kan vi seie at med Jon Håvard Hansen som instruktør vart moderne skotthyll innført i Bøfjorden. Over 30 deltok (mange gjentatte gonger), og hyllene susa gjennom lufta i mesta to timar. Treffsikkerheta varierte nok ein del, men kom seg. Aller best var Anders Melling, som med fleire dobbeltreff vart tidenes første (om enn uoffisiell) «Bøfjord-mester». Enda i si gamle form, med vedskier som munkar og vanleg stein som hyller, kan sporten no få sin renessanse. Namnet kjem kanskje frå Skottland, kunne lære- og norgesmester Hansen opplyse. Ein konkurranse i ballkast samla også mange av dei yngste til kappestrid.
Jon Håvard Hansen instruerer skotthyll. Oppslutninga vart stor etter kvart.
Alle ballkastarar fekk premie. Frå venstre Håkon, Arthur, Daniel, Margaret og Nikolai.
Basarbordet bugna av gevinstar, og det kom inn mange tusenlappar til drifta av kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og kyrkjebåtnaustet.
Aldri sluttar ein å beundre Åsskard Bygdekvinnelag! Dei ordna middag, kaffe og kaffemat til omtrent heile bygda – ja, framundfolk attåt. Ei rikhaldig og vakkert oppsett utstilling av strikka-klede gjorde Litlsalen til stas-stue! Alt i ein stilfull regi som gjenskaper tidlaust miljø og tradisjon. Også Bøfjorden Historielag og andre hadde fine utstillingar, m.a. av kunst, historieplansjar og lokal litteratur.
Bilhistorie, musikk og rindalshumor
Lars Jostein Bævre og Magnar Sigbjørn Holten leverte eit fyldig biletkåseri om bilar og trafikk – mest frå gamle Åsskard. Trond Larsen og hans kvartett har 44 års erfaring på tastar og strenger, med schottis og vals – og jamen svinga det vakkert og spenstig denne gongen og. – Det kling så godt her i Bøfjorden Grendahus, sa dei og ønska å koma tilbake ved neste høve. Gunnvald Bøe løyste mange smileband med sine muntre rindalshistorier. Ei var om han som skulle kjøpe seg globus: - Minn han lyt vårrå i full størrels!
Larsens Kvartett - still going strong!
Helge Husby samla fullt hus
Søndag var Bøfjorden Sjøbruksmuseum stappfullt da Helge Husby heldt foredrag om krigshendingane i Gratangsbotnen i april 1940. Mange slektningar av soldatar den gongen møtte fram – frå Bøfjorden, Frei, Todalen, Halsa og andre bygder. Husby har samla stor kunnskap om krigens største slag på norsk jord. Han formidla både oversikt og sterke detaljar på framifrå måte.
Gripande foredrag om slaget i Gratangen, tykte Aslaug Settemsdal. Onkel og gudfar Gunnar P. Bøe fall der den 25. april 1940.
Fleire frammøtte bemerka at soldatane frå den gongen tala svært lite om krigshendingane. - Men etter foredraget i dag forstår vi kanskje litt meir kva soldatane opplevde, sa svigerdotter til ein av dei. Mange fekk ny innsikt i viktig historie. Og mange kjøpte boka Helge har skrive om emnet.
- Far snakka nesten aldri om krigshandlingane, seier Mindor Lien, Kari Bøklepp og Anne Marie Valsø – barn av soldat Arne Lien. – Difor så interessant å oppleva dette informative foredraget!
Helge Husby saman med konene til to av soldatane frå Gratangen – Kjellaug Schjølberg frå Frei (t.v.) og Anne Moe frå Todalen.
Bernt Bøe i historielaget gav eit par lokale glimt frå okkupasjonstida. Ein russisk fange på flukt frå tyskarleiren på Tingvoll fekk hjelp av bygdefolket til å koma seg gjennom Åsskard og over til Trøndelag. Faldekniven som han mista i Setervika, vart sendt rundt i salen som konkret minne. Like eins var ein utstilt rognkubbe frå Åsskardlia litt av eit klenodium: Her hadde ein 13-åring frå Bøfjorden ein sommardag i 1943 skore kongens motto «Alt for Norge» inn i trestammen. Særleg gripande blir dette når ein veit at guten – Tore Magnar Gjengstø – omkom nokre månader seinare, da naustet deira datt over ende og Tore ikkje kom seg ut i tide.
Som 13-åring gjetar skar Tore Gjengstø kongens valgspråk «Alt for Norge» inn i denne rogna ved setervegen på Åsskard.
I sum: Årets Bøfjordhelg hadde stor spennvidde i program og gjennomføring.
Tekst/Foto: Bernt G. Bøe