Annonse:
Grønn fredag på NMS Gjenbruk på Skei
Denne veka blir det markert "svart fredag" over heile landet. Det betyr å kjøpe mykje ekstra som igjen betyr auka forbruk. NMS Gjenbruk vil vere eit alternativ som vi kallar "GRØNN FREDAG". Samfunnet vårt er prega av mange ting som blir til overs. Gjenbrukstanken er nettopp å bruke på nytt det som andre ikkje lenger har bruk for. Denne ideen står for ein alternativ måte å tenkje på. Det som ein ikkje har bruk for lenger, kan kome til nytte på ein ny plass.
Det er mykje idealisme som pregar gjenbruksbutikkane våre. Vi som arbeider her arbeider også gratis, av rein idealisme. Dei pengane som kjem inn kan brukast til å hjelpe fram nokon som ikkje har det så godt som oss. Men når vi sel meir, blir det også gjenbruka meir. Derfor slår NMS Gjenbruk på Skei til med 50% avslag på alle varer, utanom våre sjølvproduserte lys fredag 29. november. Tidlegare i haust feira vi at vi hadde eksistert som butikk i 15 år. Da delte vi ut rabattkort med 50% rabatt på ei vare. Det gjer vi denne veka på onsdag, torsdag og laurdag - altså dagane utenom den grøne fredagen.
Ingressbildet: Det blir Gudrun Bele og Kjellrun Heggem som møter kundane på grøn fredag.