senior 9926_1024x683

Tekst: Eivind Hasle - Foto: Helene Marie Nergård

Gruvevandring på Glærum

Mellom 50 og 60 personar nytta laurdagsføremiddagen 15/6 til å bli betre kjent med gruveområdet på Glærum, i regi av Indre Nordmøre Senioruniversitet. Med Ove Allan Brauten som kyndig rettleiar etter 21 år som sjef for kalksteinsgruva fram til 2002, og med sonen Geir Brauten (bildet) og Styrkår Brørs som medspelarar, fekk folk både ei orientering om historia til gruva.

Alle fekk sjansen til å bli med inn til den store knusaren, og dei ivrigaste fekk også bli med på ein lengre tur inn i gruva. Kontrasten var stor mellom det fine og varme  sommarveret utanfor, og dei kalde og delvis fuktige gruvegangane. Her var mange sterke inn trykk, og ikkje minst inntrykk gjorde dimensjonane inni fjellet.

Kalksteinsgruva har ei lang historie. Men det var tyskarane under okkupasjonen som bygde ut gruva til det vi ser i dag. Dei hadde stort behov for kalkstein til aluminiumsproduksjon, og bygde ut gruva for ein årleg produksjon på 500 000 tonn. Heile 450 mann var ei tid i arbeid på anlegget, og det vart bygd både vegar, lager, verkstad, kontorbygg, bestyrarbustad og ingeniørboligar, samtidig som folk var innkvartert i brakkelag og rundt om på gardane. Det vart og ført fram elektrisk kraft frå Enge i Halsa. Men då utbygginga var nesten  ferdig, var krigen slutt, og etter krigen har drifta vore nokså ujamn, med fleire eigarar og omleggingar.

I dag er det eit stort internasjonalt firma, Norock & Co AS, som driv gruva, med 5 tilsette. Det er mest kalk til jordbruksføremål det dreier seg om no. Korleis framtida for gruva vil bli, er ikkje godt å seie, men kalksteinsgruva på Glærum inneheld den reinaste kalken i landet , med 98 % kalkstein, og det er rekna at gruva omfattar om lag 20 millionar tonn !

EH

Under ser du bilder frå vandringa - foto: Helene Marie Nergård - klikk på dem og sjå dem større og i serie:

 

senior 9902_1024x683
Velkommen ved Styrkår Brørs (til venstre) og orientering om gruvehistoria ved Ove Allan Brauten.
senior 9911_1024x683
Puljer på 8 – 10 kom inn i gruva for å se. Her venter ei gruppe på omvisning foran gruveinngangen som fører til knuseriet.
senior 9914_1024x683
Inne i gruva.
senior 9926_1024x683
Geir Brauten forteller inne i gruva. Kraftig ”løftekrok”.