Bondehuset-2019-03-28 18

Gullrush i Stangvik

Stangvik Grendalag inviterte til Gullkongekveld torsdag, der forfattar Svein Sæter fortalte om "Gullkongen" Fredrik Bruseth, som drog frå Stangvik til Amerika for å betale på gjelda som faren streva med å handtere.

Bordehuset-2019-03-28 18.45.29.jpg

Over 150 gullinteresserte frå heile Stor-Stangvik, frå begge sidene av fjorden og frå langt oppi dalstroka innafor fylte salen i Bondehuset i Stangvik.

Svein Sæter profil.JPG
Svein Sæter kjente godt til historia til «Gullkongen» Fredrik Bruseth, og har lese breva han sendte heim frå Klondike. Saman med Lars Ramsøy Halle har han skrive musikalen «Stjernestøv» som vart framført i Sunndal og Surnadal siste haust.

Les det Trollheimsporten skrev om «Stjernestøv» her!

I samband med arbeidet med musikalen, var Svein Sæter på studietur til Canada og Alaska for å komme så nært som muleg på historia til denne eventyraren.

1-27_690x1224.jpg
Bilde frå Svein Sæter.

Fredrik Bruseth (over) var ikkje den einaste som reiste til Amerika frå bygdene våre på slutten av 1800-talet. Fem av dei elleve søskena hans kryssa havet for å tene pengar og for å hjelpe dei heime. Først var det skogsarbeid, men så vart det gulljakt nord i Canada og Alaska.

Bruseth fekk seg arbeid ved ei gullgruve og tente gode pengar. Men så ville han prøve for seg sjølv og drog til Yukon-territoriet og kom dit før det største gullrushet. Han hamna i området som vart kalla Klondike, og det viste seg å vere det største gullfunnet i verda!

1-2019-03-28 20.11.50.jpg

1-2019-03-28 20.10.36.jpg
Om området hans, Eldorado Creek, står det i bildet ovafor, frå reproduksjonen av ei gammal lokalavis, at det kunne gjere eit dusin menn rike. I tillegg så var han saman med Thomas Blake deleigar i fleire andre område.

1-6.jpg
Arbeidsstokken til Fredrik Bruseth i Eldorado, der han fann gull til fleire titals millionar. Fredrik sjølv er nummer tre fråhøgre i bakre rekkja. (Bilde frå Svein Sæter).

Vi fekk levande skildra korleis livet til gullgravarane var, kampen mot naturen for å komme til funnstadene, graving i den harde vinteren og utvasking om sommaren. Mange bukka under, men nokre hadde lukka med seg, slik som Fredrik Bruseth.

Oddvar Pedersli og Svein Sæter.JPG
Oddvar Pedersli hadde reist heilt frå Lomunddalen for å høre Svein Sæter fortelje om gullgravinga. Bestefar hans hadde vore over i Amerika i ungdommen, men hadde ikkje same lukka med seg som Gullkongen frå Stangvik.

Fredrik Bruseth var god for fleire titals millionar kroner i dagens pengeverdi. Familien i heimlandet fekk hjelp til å dekke gjelda si. Han fekk bygd Rønnan og Bondehuset teikna av arkitekt Berner her i Stangvik, finansierte orgel i kyrkjene i Stangvik og Todalen og investerte elles i Norge.

1-30.JPG
Frå venstre: Sigrid Vetleseter Bøe, Espen Bråten, Erik Wenberg Jacobsen i "Stjernestøv" (Bilde frå Svein Sæter).

Dette livet er det Sæter og Ramsøy-Halle skildrar i musikalen «Stjernestøv», som kanskje blir sett opp igjen!