Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Karveskurd2018-03-011

Heimbygdlaget leverer

Hovudoppgåva til Rindal Heimbygdlag er utgjeving av eit årsskrift, som etter kvart er meir ei årbok. Stofftilgangen er god og salget like eins, kom det fram på årsmøtet torsdag kveld.

Medlemstalet går også rett veg, men dei ønskjer seg sjølvsagt fleire medlemmer.

Alle som stod på val i styret tok attval, men ingen ting tyder på stagnasjon. Økonomien er god, arbeidet med neste «årbok» er godt igang og idear til nye tiltak er på bordet til styret.

2018-03-01 21.52.59.jpg
Her er styret for 2018: Edgar Landsem, Gunnar Nergård Løseth, Ragnhild Stavne Bolme og Ann Grimsmo. Magnar Almberg var ikkje på møtet.

Etter ei matøkt fortalte Ragnhild Stavne Bolme om karveskurd frå Rindal. 

Ho kunne fortelje at Rindal hadde ein av dei fremste kunstnarane på dette området på 1700-talet. Det var Fredrik Mikkelson frå ytre Grønlihuset (1738 – 1766). Han merka alltid det han laga med initialane FMS + årstal.

Det finns fleire ting han har skore på Rindal Skimuseum og på fleire museum rundt i landet.

a. 1760 JPG.JPG

2018-03-01 21.49.15.jpg

2018-03-01 21.49.54.jpg

Rindal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten, og på infosida deira finn du årsmelding og meir om laget.