000 Hobby a Bernt G Bøe Leiar

Bøfjorden Sjøbruksmuseum:

Hobbydag med kleppfiskhistorie

Søndag har Bøfjorden Sjøbruksmuseum sin årlege hobby- og aktivitetsdag. I tillegg fokuserer Leif Erik Kalseth på  kleppfiskens betydning for Kristiansund og Nordmøre.

Bildet over: - Museet har stort modellutvalg av klassiske slofart-skuter, viser leiar i Bøfjorden Historielag, Bernt Bøe. - Kassafabrikken på Bølandet var også ein del av kleppfisk-eventyret hos Werring og Jangaard i gamle dagar, seier han.
 

000 Hobby c Museeet.jpg
Dei yngste (gjerne også vaksne) kan hygge seg med alt frå fotballspel til måling og figurkunst i papp.
 

000 Hobby d Husflid.jpg
Strikkavarer og annan husflid hører med på hobbydagen.
 

Aktive barn og vaksne pregar heile museumsdagen. Her er det fotballspel, ludo, yatzy og formingsaktiviteter med måling og pappfigurar.

Handarbeid og hobbyprodukt har rik tradisjon på desse dagane. Også i år ventar museet at vaksne stiller med husflid og kunsthandverk – gjerne for salg.

Kleppfiskhistoria har alltid prega sjøbruksmuseet – i form av skutemodellar frå slofarten, foto og fiskekassar frå fabrikken Peder J. Bøe & Sønn på Bølandet. Og eit toppflak frå fiskeberga helsar alltid museumsgjestene velkomne ved inngangen!

000 Hobby b Leif Erik Kalseth KÅSØR.jpg
Leif Erik Kalseth kombinerer hyttehelg i Bøfjorden med kleppfisk-kåseri på museet.
 

Leif Erik Kalseth kåserer om «Kleppfesk og byen oss». Han formidlar kunnskap frå pioner Jappe Ippes si tid på 1600-talet, via eksporthistorie frå Sør-Amerika (og Cuba, der han er fødd) til bacalaoens mangfaldige suksess i vår tid, både i Kristiansund og i landet elles.

Randi, Brit og Ingrid styrer kjøkenet og kaffekjelen.

 

Innsendt av Bernt G. Bøe