Bøfjorden historielag melder:
Hobbydag på museet
Denne søndagen blir Bøfjorden Sjøbruksmuseum hobbyverkstad og messelokale. Årets «Aktivitetsdag» er publikums eigen temadag.
Kirsten Baadnæs Bøe og Kari Bøklepp er «hendte» damer – med stor produksjon. Her frå ein tidlegare hobbydag.
Historielaget oppfordrar publikum til å stille ut sine samlingar – av alle slag. Og lokale hobbyprodukt kan gjerne danne salgsmesse. Programmet varer heile museumsdagen – frå 13 til 16.
Barna blir utfordra som kunstnarar. Kvar får tildelt gratis teikneblokk og får stille ut sine bilete. Museet skaffar Lego-brikkar og andre leiker . Skutekrus er premie til alle ungar som deltek.
Rundt borda blir det Ludo, Mile-spel, Svarte-Per og anna gammel tidtrøyte. Det vil dukke opp kunsthandverk og kanskje ukjende ting som folk syslar med. Alle er velkomne med sitt!
Du kan lære – og lære bort – ymse, blant anna skipsknutar og kanskje spleising. Eit musikant eller to kan også dukke opp.
I alle fall får du kaffe med noko attåt. Så det kan bli ein triveleg ettermiddag i godt lag!
Lyst til å bygge med Lego?
Ludo, yatzy og Svarte-Per er på plass.
Kom gjerne med kunsthandverk, du og!
Du kan studere – og kanskje lære bort – ulike skipsknutar.
Og du kan vise fram samlingane dine.