Humanistisk navnefest
Forrige helg ble det arrangert humanistisk navnefest i Surnadal Kulturhus. I den anledning har Trollheimsporten fått tilsendt bilder og tekst fra Human-Etisk Forbund, Indre Nordmøre Lokallag.
På laurdag vart det feira at Melina Bolme Bjørnbeth og Oda Ingebrigtsdotter Aune fekk namna sine. Her med foreldre Ingebrigt Aune og Oddrun Husby og Maria Bolme Larsen og Jan Bjørnbeth. Bodil Arnestad ønskte velkomen på vegne av HEF, Indre Nordmøre Lokallag, og overrekte namnetavle til Oda og Melina saman med Gerd Bente Otnes.
Idun Fivelstad var hovudtalar. Ho filosoferte kring oppsedingsjungelen, og snakka om kor viktig det var å ikkje berre sjå sine eigne born, men også andre sine.
Hedda Hansen Berg og Maria Moen Nohr spelte og song blant anna My favorite things, Bestemor skogmus vise og So, ro, lillemann.
Anna Fivelstad las dikt til dei små. Verda er ny for oss alle av Kjell Kristensen.
Det var ein veldig fin seremoni både for store og små. Ta kontakt med Indre Nordmøre Lokallag om du ynskjer å ha namnefest for barnet ditt. Ein treng ikkje å vere medlem i Human-Etisk Forbund.
HEF Indre Nordmøre Lokallag