Husflid og hardbust samla mange

Husflid, treskjering, tau- og garnarbeid, scrapbøker og mil-spel skapte liv og røre da Bøfjorden Historielag inviterte til hobbymesse søndag.

- Omsetninga går bra, konstaterte husflidskunstnarane Magnhild Bøe, Elin Bøklepp, Kari Bøklepp og Oddrun Gjengstø. Det hamnar nok mjukpakkar med varme selbuvottar og fargerike lestar under mange juletre når det lid til dess!

Odd Trodal viste vakre og artige treprodukt frå naturen. – Vårherre er litt av ein kunstnar, meinte han og sikta til vekster som berre treng litt heimsleg etterarbeid. – Men å leite opp naturkunsten er ikkje lett, den må koma til deg og dukke uventa opp!

Somme fann mykje interessant i utlagte bøker med avisklipp frå fleire tiår tilbake. Ved eitt av borda spela dei «mil», som det heiter i Bøfjorden. Møllespelet (mill) er både billeg, enkelt å laga – og spennande. – Men ho Randi (Bæverfjord) er umuleg å slå, konstaterte konkurrenten Inger Lise Heggem. – Ho får til skuv-mil heile tida!

Ute på trappa var juniorane Håkon Marius og Harald av dei som fekk skyte med hardbust. (Også dette eit vel etablert lokaluttrykk – for museets leikevariant av «armbrøst».)

Fagleg ekspertise utfalda seg stort i lynkursa med tau- og garnarbeid. Oddbjørn Gundersen og Arnt Kjetil Bøe demonstrerte knutar og spleis. Kåre O. Bøklepp instruerte i binding og bøting av fiskegarn.

Berre så vidt folk tok seg tid til å smake på kaffen og godsakene som Kirsten og Randi freista med i kjøkenluka!

Hobbydagen a Mykje bra 690.jpg
Nokre av dei mest aktive på dagen. Frå venstre mor Kari og dotter Elin Bøklepp, Magnhild Hustad Bøe, Arnt Kjetil Bøe, Inger Lise Heggem, Kåre O. Bøklepp, Oddrun Gjengstø og Odd Trodal.
Hobbydagen b Julegåver.JPG
Ragnhild Skrøvset (t.v.) handla julegåver hos Kari Bøklepp og Magnhild Bøe (nærast).
Hobbydagen c Kåre.JPG
Gunnvald Bøe (t.v.) lærer kunsten å bøte garn av Kåre O. Bøklepp.
Hobbydagen d MIL.JPG
Randi Irene Bæverfjord (t.v.) slo ut alle i mil-spelet. Vidare ser vi mor Liv, sønnesønn Håkon Marius og Inger Lise Heggem – som tek tapet med godt humør.
Hobbydagen e Kjøkenluka.JPG
Randi Bøe og Kirsten Baadnæs Bøe gjorde dugnad på kjøkenet.
Hobbydagen f Oddrun.JPG
Imponerande produksjon av Oddrun Gjengstø – som tok turen heilt frå Trondheim.
Hobbydagen g Scrap.JPG
Ekteparet Røen fann mykje interessant i gamle utklippsbøker.

 

Tekst og foto: Bernt GB/Bøfjorden Historielag