ei haustferd - sverre hatle, trygve roaldset, svein sæter

Hyldbakk-klassiker i ny utgåve

"Ei Haustferd på Nordmøre. 1934" er truleg den mest etterspurde boka til Hans Hyldbakk. No kjem boka, som ikkje har vore tilgjengeleg på mange år, for første gong i ny utgåve. Måndag presenterte Surnadal Heimbygdlag det etterlengta bokprosjektet, og 12. september blir det storstilt lansering.

"Ei Haustferd på Nordmøre. 1934" har ikkje vore tilgjengeleg på mange år, men no er boka nytrykt i ei vakker utgåve, saman med ein del av bilda som Hans Hyldbakk har tatt.

Det er Sverre Hatle og Svein Sæter som har stått for mykje av arbeidet med nyutgjevinga, som Surnadal Heimbygdlag står for.

Skildringane til Hans Hyldbakk frå rundtturen på Nordmøre, og delar av Romsdalen, hausten 1934, kom først ut som føljetong i kulturavisa Heimveg i 1934-36. Desse vart deretter samla i bokform i 1951, og 2019-utgåva er den første utgåva av "Ei Haustferd på Nordmøre. 1934" sidan den gongen.

– Vi gjev ut denne no først og framst fordi det er ei god bok, som har stor litteraturhistorisk verdi. Det er kanskje det verket av Hans Hyldbakk som er mest etterspurt rundt om kring i heile landet, og 1951-utgåva er nesten ikkje å få tak i, seier Svein Sæter.

Han meiner Hyldbakk er på sitt aller beste når han skildrar vandringane sine.

– Alle kjenner til dikta til Hans og kva han står for som diktar, men han er rett og slett utruleg god i møte med folk - og i skildringane av desse møta, seier Sæter.

– Ein forstår i alle fall lett, når ein les denne boka, kvifor Hans skreiv så gode bygdabøker, som utmerker seg på landsbasis, seier Sverre Hatle, og legg til:

– Denne utgjevinga er nesten som eit tillegg til prosessen med fornying av bygdabøker, som er undervegs.

Ideen om å gje ut boka på nytt no kom etter eit forslag i styret i Surnadal Heimbygdlag, men Hatle fortel at det og er etter ønskje frå Hans Hyldbakk sjølv.

– I samband med at Heimbygdlaget gav ut "Vårsøg"-samlinga, medan Hans levde, tok han sjølv opp om det ikkje kunne vere aktuelt for Heimbygdlaget å gje ut nokre av prosabøkene hans - mellom anna denne.

– No tykte vi at det var på tide, seier Hatle.

Svein Sæter viser til at boka, i tillegg til å vere eit viktig kulturhistorisk verk, inneheld veldig godt språk. Han får støtte frå Sverre Hatle

– Ja, boka er ei gullgruve for å sjå korleis surnadalsmål og nordmørsmål slår gjennom i den normerte nynorsken Hans stort sett skreiv, seier han.

Tekstene i 2019-boka er tru mot originalen frå 1951, seier dei to.

– Men i Hans si ånd at vi moderert rettskriving etter nyare rettskrivingsreformer. Då han skreiv tekstane, i 1934, var det trass alt 1917-rettskrivingsreformen som gjaldt.

I den nye utgåva er både det gamle omslaget og det gamle forordet med, i tillegg til nye versjonar. 2019-omslaget viser Hyldbakk på vandring, og er eit bilete forfattaren sjølv tok med sjølvutløysar.

Overnatta i 321 heimar

Boka handlar, som tittelen tilseier, om ei av Hans Hyldbakk sine mange rundreiser på Nordmøre. På nettopp denne reisa starta han i Kristiansund, før han reiste inn til Gjemnes og over Fursetfjellet til Hjelset. Der for han vidare over Fannefjorden til Solemdalen, og inn Romsdalsfjorden til Eidsvåg. 

Vidare gjekk ferda innover og oppover Sunndalen, før han reiste via Ålvundfjorden, Ålvundeide og Tingvoll. Etter ein tur innom Torjulvågen, Halsa og Valsøyfjord kom han inn mot Surnadal via Åsskard og Settemsdalen. Hyldbakk rakk og innom Stangvika, Kvanne og Nordvik på turen, før han etter nokre dagar heime sette nasen mot Romundstadbygda og Lomunddalen - der skildringa i boka sluttar.

Etter eiga utsegn overnatta Hans Hyldbakk i totalt 321 heimar på Nordmøre, og fann han seg ingen heim for natta medan han var ute på reise - då la han seg gjerne under eit tre, med berre hatten over seg. Siste gong han gjorde dette var, ifølgje han sjølv, då han var 75 år.

Mange plassar vart han omtrent for stamgjest å rekne.

Opplaget av boka er 1000, og Heimbygdlaget hatt godt samarbeid med kommunen og Nordmøre museum om utgjevinga. Laget har fått nasjonale lesestimuleringsmidlar til prosjektet.

Lansering 12. september

12. september vert boka lansert med arrangement i Svorkasalen i Surnadal kulturhus. Då skal Styrkår Brørs lese både frå denne boka og anna Hyldbakk-stoff, medan Karstein Mauset og Toril Moe skal underhalde.

I tillegg skal Surnadal Heimbygdlag dele ut årets Måldiplom.

Boka er allereie i sal hos Notabene, og det er og muleg å få kjøpt henne ved å kontakte Surnadal Heimbygdlag direkte.

– Det er berre å ta kontakt, uansett om du bur i- eller utanfor Surnadal. Det er stoff frå både Nordmøre, Romsdal og Rindal i boka, så dersom folk er interesserte sender vi dit det trengs, seier Roaldset, Sæter og Hatle i Heimbygdlaget.

– Dette er ein klassiker, og i tillegg i ein klassisk sjanger, som knapt nok finst lenger. Denne typen skildringar frå vandrarar, som Hans, er dåtidas reiselitteratur, seier Svein Sæter.

– Eg er ingen lesehest, men eg har hatt veldig stor glede av å lese denne boka. Den inneheld utruleg mange gode formuleringar, og er rett og slett vanskeleg å leggje frå seg, seier Trygve Roaldset i Heimbygdlaget.

ei haustferd - sverre hatle, trygve roaldset, svein sæter 2.jpg
12. september blir det offisiell lansering av boka i Svorkasalen i Surnadal kulturhus.