IMG_2821

Informativt om el-bil

Dei rundt 20 som møtte opp på Senioruniversitetsmøtet sist, fekk ei god innføring både i bilhistoria,og i historia om dei ulike bilmotorane, framover mot elbil-situsjonen i dag. Einar Oterholm, fysikar og Grøn kontaktperson i vårt fylke, orienterte både munnleg og med bilde.

Petter Haugneland, kommunikasjonsleiar i Norsk Elbilforening, fortalde så at Norsk Elbilforening i dag er verdas største elbil-forening, med over 45 000 medlemmar. Utviklinga hadde gått svært raskt, spesielt dei siste 5 åra, I dag er om lag 1/3 av nybilsalet til elbilar eller hybrid-bilar, og innen 2025 skal det vere 100 prosent nullutslipp frå nybilar i transportsektoren. I dag er det om lag 130 000 elbilar, men elbilforeininga vil at styresmaktene skal sette eit mål på 400 000 elbilar innan 2020. Samtidig skjer det ei stor utbygging av ladepunkt for el-bilane, med 8618 offentleg tilgjengelege punkt i dag, derav 555 hurtigladestasjonar. Langt hovudvegane skal det vere ladepunkt minst kvar 5. mil.

I samtalen etter innlegga kom det fram at dersom alle bilar blir elektriske, vil det bety om lag 5-6 prosent på straumforbruket. Det bør ikkje vere noko stort problem i Noreg – som har rikeleg med elektrisk og miljøvennleg straum. Men andre land i verda vil kanskje vere avhengig av kol- eller atomkraft dersom det skal vere slutt med bensin eller diesel-bilar?


Tekst: EHA