Stangvik H0001_1024x1335

Innhaldsrikt årsskrift frå Stangvik Historielag

Tida for årsskrift er her igjen. Tykkjer ikkje det er lenge sidan eg sist skreiv leiarartikkel. Det seier leiar Einar Grønnes i Stangvik Historielag i det nye årsskriftet frå historielaget - svært innhaldrikt og som Einar Grønnes vil også Trollheimsporten skryte av den store og gode innsatsen redaksjonsnemnda gjer.

Stangvik Historielag er med i Trollheimsporten med informasjonsside - bli med - alle som er med her!

- Alle som bidreg med stoff til årsskriftet er kjempegode å ha på lag, skriv Einar Grønnes til lesarane og fortset:

For at historielaget skal fortsette med å gi ut årsskrift, så er alle bidrag viktig, skriv han og oppfordrar til å ta kontakt med redaksonsnemnda eller styret.

- Siste året har fotoaktiviteten vore låg, men vi har store planer om å koma sterkare tilbake. Kulturelle vandringar har vi hatt mange av. Det begynte borti Oppigard Grytskog og vart avslutta ved Kvendbøtæla, skriv han i ei oppsummering av aktiviteten.

I årsskriftet finn du reportasjar frå vandringane til Svinviksetra og Nordviksetra og du finn om vandring i gammalt kulturlandskap.

Over 80 sider finn du mykje godt stoff -blant anna om Kvanne musikklag, "Skoleruta", Kvanne bedehus, gamle typar husmannshus og gammelhusa på Borterøra, i tillegg til mange små historier og stubbar. Du kan lese om postvegen og postgardane i bygda og ungdomsforening og Yngreslag på Kvanne - ei dramatisk hending for bygdafolket for vel 350 år sidan, beinfunn i Stangvika og ulovleg lytting på radio under krigen.

Dette er berre noko av det du finn i eit innhaldsrikt årsskrift 2012 frå Stangvik Historielag.

Redaksjon for årsskriftet har vore Marit Haugen, Odin Hals, Berit Aune Røkkum, Jarle Røkkum og Lars Steinar Ansnes.

Framsida (til høgre) viser ferja på veg mot Rykkjem. Foto: Lars Steinar Ansnes