Julebord i Rindal pensjonistlag
Rindal pensjonistlag hadde julebord på Bolme pensjonat laurdag 15.12. Meir enn 50 pensjonistar var møtt opp. Det vart servert buffet med eit stort utval av varme og kalde rettar, i tillegg til eit flott dessertbord. Her var det mogleg å eta seg meir enn mett. Etter at alle hadde forsynt seg godt av julebordet, var det underhaldning med kaffe og blautkake til.
Nettbuss-sjåførane Jan Sturla Jensvold og Kjell Bråten (over) har frakta oss trygt på fleire pensjonistturar. Denne dagen stod dei for noko av underhaldninga.
Jan Sturla med trekkspelet har vi høyrt ved fleire høve tidlegare. Kjell, vart det sagt, song for publikum for første gong. Det bør absolutt ikkje bli siste gongen. Dette vil vi høyre meir av.
Eit kor av pensjonistdamer song fleire kjente og kjære songar. Lars Gåsvatn las «Auksjon på Tande» av Olav Aukrust med stor innleving. Alt i alt ein svært triveleg ettermiddag.
Rindal pensjonistlag vil ønskje alle medlemmene sine ei god jul og eit godt nytt år.
Tekst: Ann Grimsmo Foto: Rønnaug Brønstad
Rindal Pensjonistlag er med i Trollheimsporten med informasjonsside - bli med - alle som er med her!