heile gjengen_1024x683

Julegrantenning og nissemarsj

Søndag ettermiddag var det julegrantenning og nissemarsj i Bæverfjord. Sjølv om gradestokken hadde krope nedover og nærma seg 10 minusgrader, stilte både store og små opp for å markere inngangen til adventstida. Programmet starta med tenning av julegrana utanfor Bæverfjord oppvekstsenter. Deretter vart det fakkeltog tur retur Bæverfjord stadion.
Folk hadde kledd seg godt og det var ingen klagar å høyre over temperaturen. Etter marsjen var det derimot ekstra godt å koma seg inn i varmen igjen til kakao eller gløgg med pepparkaker attåt. Der vart det også delt ut nissemarsjmedaljer, og det vart denne gongen delt ut 23 medaljer, noko arrangørane er fornøgde med.

Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie! Alle foto: Norunn Holten.
toget_1024x683
Nissetog i desembermørket.
tog1_1024x683
Små og store nissar på tur.
tog2_1024x683
Glimt frå toget.
tog3_1024x683
Meir frå toget.
jenter_1024x683
Opplagte nissejenter!
heile gjengen_1024x683
Dei fleste deltakarane på marsjen samla etter utdelinga.