Kjærleik på eldredagen
Kjærleik i krigens år.
Framsyninga "Kjærleik i krigens år", som vi i dag fikk høyre, er basert på ei brevveksling mellom hølondingen Ola Almås og Marie Tollefsen frå Brumunddal i tida 1939-1946.
Ola Almaas sette seg i romjula i 1939 ned for å skrive det viktigaste brevet i livet sitt. Han hadde lese i kontaktspalta i vekebladet "Alle Kvinners blad" at ei jente ønskte seg ein brevven. Ola hadde nettopp fylt 32 år, og hadde ei stund for seg sjølv no etter kveldsmaten.
Første nyttårsdag fekk Ola svar, frå Marie frå Brumunddal på Hedemarken. Brevvekslinga varte fram til 1946 og har gått som følgjetong i avisa Gaula. Hausten 2010 kom boka "Kjærleik i krigens år" ut.
Reidar Almås las i framsyninga breva til onkelen sin, medan Sissel Almås las utdrag frå Marie sine brev.
Visegruppa Trubaduran,
med søstrene Laila Terese og Randi Merete Stenseth som syng og Anders Stenseth på gitar, er ein viktig del av framsyninga. Saman har dei plukka ut og syng songar til Anders' gitarakkompagnement og som passar inn i tida og historia.
Kåseri om slekt
Etter middag med lapskaus og riskrem, heldt Reidar Almås eit humoristisk foredrag med slekt som tema. Vi fekk høyre meir om korleis det gjekk med Marie og Ola. Dei vart til slutt gift, men det var ei lang og vanskeleg historie fram til den dagen. Han fortalde elles om si eiga slekt, om oppkalling og "klaner". - I alle bygder er det klaner, sa han. Det er når same etternamn går over meir enn 10 cm i telefonkatalogen.
Reidar Almås fortalde òg om sitt møte med kong Harald etter at han vart utnemnd til Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden i april. Kongen opplevde han som ein særs triveleg og alminneleg kar å snakke med. Samtalen dei imellom kom mellom mange andre ting inn på idrett, for kongen er, som vi veit, svært interessert i sport og skiidrett spesielt. Frå Hølonda er det kome mange kjende skirennarar. Oddvar Brå vart sjølvsag nemnt og Almås spurde kongen om han hadde treft sambygdingen Magnar Estenstad . "Han har jeg hilst på flere ganger," svarte kongen, og da Almås fortalde at han var i slekt med Estenstad både på mor- og farsida, av di Reidar Almås sine foreldre var søskenbarn, fann kongen ut at dei hadde noko felles. "Mine foreldre var jo også fetter og kusine.- Men du er vel enig i at det er ingen god idè i det lange løp," sa kongen.
Kong Harald fekk overrekt boka "Kjærleik i krigens år" i gave under audiensen
Det var så og si full sal på Rindal eldresenter i dag
- og folk såg ut til å trivast.
Søskenparet Ragnhild Stavne Bolme og Nils Joralf Stavne deltok med tostemt song frå Mads Berg si songbok og leda også allsongen på Eldresenteret i dag