Kjøtthistorie O

Kjøtthistorie på museet

På Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag kåserer Andreas Sandvik om nordmørsk slakterihistorie. Han skriv no boka «Med kjøtt på beinet», som kjem ut neste år.

- I løpet av 80 år har kjøttbransjen gått frå private småaktører til bondesamvirke og større selskap. Tidlegare lokal produksjon er industrialisert og sentralisert, seier Sandvik, som i fotokåseri skisserer denne utviklinga på Nordmøre.

 

Sia 2009 har han samla stoff om slaktarverksemda i Kristiansund og på Nordmøre, medrekna oversikt over bygdeslaktarane og deira drift.

 

Søndag gir han utdrag frå historia frå 1870 til i dag. Folk i salen har sikkert også bidrag – som i så fall kan berike den komande boka.

 

Ingressbildet: Frå kjøttmatforretninga O.M. Jakobsen på Surnadalsøra. Bak disken Sverre og Margot Sjøflot.

Tekst/foto: Bernt Bøe

2015 08 09 Plakat (1)_690x1027.jpg