Randi Lysø kleivaprisen_1024x898

Ho spekulerte på kven som fekk den i år

Kleivaprisen til Randi Lysø i husflidslaget

Randi Lysø i Surnadal Husflidslag fekk i kveld tildelt Kleivaprisen. Den vart tildelt for det store husflidsarbeidet ho har gjort i Surnadal Husflidslag i mange år. Kleivaprisen heng høgt og Randi Lysø fekk den under Kleivakvelden i Vårsøghelga i kveld. Trollheimsporten kjem attende med mykje meir både frå Kleivakvelden og utdelinga av Kleivaprisen seinare. I denne omgang gratulerer vi Randi Lysø. Foto: OleT.

Randi Lysø kleivaprisen_715x627.jpg

Her ser vi Randi Lysø ettter utdelinga av prisen  på Kleiva i kveld. Trollheimsporten gratulerer med Kleivaprisen! Foto: OleT.

Ho hadde blitt med nær familie på Kleiva og Kleivakvelden utan at ho visste noko på førehand sjøl. - Eg spekulerte på kven som skulle få prisen i år. Eg trudde ikkje den gjekk til slikt som eg driv med, smilte ho etterpå, glad og overraska over prisen.

Surnadal Husflidslag er med i Trollheimsporten - bli med - alle som er med her.