IMGP8845

Ku på kunstutstilling

På Rindal Skimuseum opna Rindal Kunstlag utstilling med bildekunstnaren og avisteiknaren Inger K. Giskeødegård frå Ålesund lørdag ettermiddag. I dei fleste romma i Løsetlånna var 50 – 60 bilde hengt opp.

IMGP8835.JPG

Inger K. Giskeødegård har atelier i Devoldbygget i Ålesund, men ho kan også like å arbeide ute både med skisseblokk og større format. Vi fekk også ein liten demonstrasjon av korleis ho kunne jobbe med skisseblokk, gammeldags penn og blekk.

IMGP8850.jpg

Dei siste 15 åra har ho arbeidd mykje med kyr som motiv. Det ber utstillinga i Løsetlånna sterkt preg av.

- Kyr er eit kortreist tema, seier ho. Ho kjem frå Giske, og der har det vore drive jordbruk sidan før vikingetida.

IMGP8842-001.JPG
- Korleis hadde den øya sett ut utan jordbruk og kyr, og korleis blir det dersom kyrne forsvinn? 

Giskeødegård tykkjer bøndene gjer ein flott jobb med matproduksjon i eige land. Det ligg henne på hjertet å framsnakke dei for arbeidet deira med kulturlandskap, trivselskaping og - ikkje minst - kortreist mat.

Bøndene i Rindal og Surnadal må kjenne si besøkelsestid og sikre seg eit av dei koselege kubilda.

Utstillinga står fram til 16. juli.

IMGP8849.JPG

IMGP8846.JPG

2017-07-01 15.07.51.jpg

2017-07-01 15.08.10.jpg