Løa

Med Stangvik historielag søndag 10. juni

Kulturvandring til Nordvikstranda og Svinviksetra

Stangvik historielag har kulturvandirng til Nordviksetra og Svinviksetra søndag 10. juni. Start frå Nordvik forsamlingshus klokka 1000. Vi kjører bil etter bomvegen til parkeringsplassen ved Sørbrua. Vidare vandrar vi i roleg tempo langs vegen til inntaksdammen for Nordvik Kraft, og etter myrane innover til Svinvikseterstølen. Bildet er fra vandringa i november i fjor.

Svein Olav Svinvik er med som kjentmann og kan fortelje om både nysetra og gammerlsetra i Svinvika.

Frå nysetra følgjer vi den gamle setervegen langs Svinvikstigann til gammelsetra som ligg høgt oppi Svinvikhamrane rett ovanafor Svinvikgarden. På tilbaketuren går vi fram på Svinvikhamran og får med oss ei storslagen utsikt over Nordvik, Drøpping, Kvanne og utover fjorden.

Da er det strake vegen ned til parkeringa og Sørbrua. Der går vi over elva og kjem inn på Nordvikseterstølen der vi kan sjå på tuftene etter både gamle seterfjøs og seterløer. Her tek vi ein rast på seterstølen og folk kan få kose seg så lenge dei vil.

Ta med mat og drikke, det blir innlagt matpauser undervegs.

For Stangvik historielag
Anna Ingeborg Nordvik

Stangvik historielag er med i Trollheimsporten. Bli med - klikk her. Alle som er med her!

Under ser du fra vandringa i august i fjor framom Mellingsetra og Hopsetra nederst: