IMGP9699

Lærerik kulturminnevandring

Lauvskogen ovafor skuleområdet på Øye gøymer på mange krigshistoriske minnemerke. Det fekk dei som deltok i den krigshistoriske vandringa Senioruniversitetet og Forsvarsforeninga arrangerte laurdag sjå og oppleve.

IMGP9648.JPG

Mellom 75 og 80 personar møtte til orientering på Surnadal vidaregåande skule før den historiske vandringa. Ideen til vandringa kom frå Øyvind Holte som er ein av grunneigarane i området. Både Indre Nordmøre Senioruniversitet og Indre Nordmøre Forsvarsforening tente på ideen og stilte seg bak gjennomføringa av denne krigshistoriske vandringa.

IMGP9649.JPG

IMGP9724.JPG
Eivind Hasle, Olav Jostein Holten, Sjur Fedje og Øyvind Holte førebudde og stod bak vandringa.

Først var det orientering, historietime, på skulen.

IMGP9650.JPG
Lars og Vidar var dei yngste deltakarane på vandringa.

Eivind Hasle fortalte at det vi fekk sjå var ein del av ei større verksemd. Sunndalsøra hadde større anlegg, og i Trondheim har vi Dora-bunkarane, som idag er verdifulle som arkiv. Det er i alle fall nyttelaust å prøve å sprenge dei vekk.

Kommunane er oppfordra til å registrere alle krigsminne og sikre dei.

- Det er litt synd dersom unge i Surnadal som går på skule i Øye-området ikkje veit noko om kva som har foregått her, sa Hasle.

Hasle fortalte også om eit stort forskningsprosjekt ved Teknisk Museum, Grossraum, de som bygde landet. Det handlar om tysk byggeverksemd under krigen.

https://www.tekniskmuseum.no/grossraum

Det var tysk leiing og tysk fagkunnskap bak anlegga, men tusener av nordmenn var med, nokre frivillig, andre meir eller mindre tvangsutskrivne. I tillegg var det omkring 130 000 krigsfangar som vart sendt hit til landet.

Nordlandsbanen, Flåmsbanen og Sørlandsbanen fekk glede av denne arbeidskrafta, i tillegg til mange kraftverk og flyplassar.

Det var også bra byggeverksemd i Surnadal, særleg her i Øyeområdet, men ved Glærum Kalksteingruve var det også arbeidd. Den vart vel ferdig omlag samtidig som krigen slutta.

Vi fekk høre at ikkje noko land i Europa hadde så mange krigsfangar og tvangsarbeidarar som Noreg etter folketalet. Det positive var opprustinga av infrastrukturen, minuset var slavearbeidet.

IMGP9718.JPG

Sjur Fedje frå Indre Nordmøre Forsvarsforening var museumsmann og lei seg for at så mykje verneverdig i Surnadal gror igjen.

Han viste oss kor detaljerte teikningane tyskarane hadde for alt dei bygde og fortalte om Regelbau, den tyske betegnelsa på ferdig planlagte bunkerar.

IMGP9660.JPG

Øyvind Holte har halde mange foredrag for turfolk som har spurt kva murane i skogsmarka hans er for noko. Derfor var han glad for å vise folk rundt i marka idag.

Han viste oss kart frå krigstida, noko du kan lese om her.

IMGP9653.JPG2017-09-16 11.46.26.jpg

IMGP9667.JPG

IMGP9666.JPG

Her stod spisebrakka. Folkets Hus på Syltøran er spisebrakka som stod på desse murane. Den hadde to etasjar. Øye gardssag stod på desse murane til i fjor.

IMGP9668.JPG
Her er det utført godt murararbeid.

Vi fekk også høre om latrina, som var ved enden av idrettsbanen. Da den vart anlagt, var det mykje graving der, for det var djup myr. Den gjømte mykje rart etter krigen, mellom anna våpen (bilde lenger nede). Det kan du sjå på krigsmuseet på Åsen.

Holte spurte gravarane om det lukta skit der latrina var.
- Ja, heilt nylevert, var svaret.

Blant brakkene som tyskarane hadde her, var det også kinobygg. Den heitte Trudvang, og etter krigen vart bygget flytta til der Trudvang, som vi kjenner idag, står.

IMGP9664.JPG

Oppe ved skogkanten her var det vognbuer og stall. Folk hugsar at stallen vart kledd med ullteppe for at hestane skulle halde seg varme. Etter krigen var det mange som henta seg god blomsterjord ved desse stallane.

IMGP9669.JPG

IMGP9694.JPG

Maskingeværstillingane på åsryggen over Mesta-stasjonen hadda god utsikt heilt til sjøen og langt oppover dalen før lauvskogen tok over og stengte all utsikt.

IMGP9685.JPG
Olav Jostein Holten og Eivind Hasle (under) orienterte om maskingeværstillingane.

IMGP9692.JPG

IMGP9678.JPG

IMGP9697.JPG
Det er uvisst kva denne hola, eller tunellopningen er tenkt til.

IMGP9698.JPG
Her har skuleelevar merka og rydda stigen.

IMGP9700.JPG
Vidar prøver geværstillinga.

Det budde rundt 400 tyskarar her i Surnadal, men med den vaktsituasjonen dei stod i var dei, som dei andre forta langs kysten, underbemanna. Svært mange av dei som var her vart seinare sendt til Austfronten, noko som ikkje var nokon ønskedrøm for nokon.

IMGP9706-001[1].JPG

Stolen som Olav Jostein Holten sitt på, er stolen til kommandanten på Øye. Far til Øyvind Holte kjøpte den på auksjon. No er den på museet på Åsen. Våpenet er ein Mauser M98, modell frå 1898, funne under anlegget av idrettsbanen på Øye.

Etter vandringa var det samling på skulen igjen med kaffe og vidare samtale om krigsminne. Der vart det mellom anna mint og at to fly styrta på Nordmarka under krigen, ein tysk Messerschmidt og ein engelsk Spitfire.

Spitfire-flyet kom frå kamp over Tirpitz i Trondheimsfjorden over Trollheimen. Folk såg at den kryssa dalen. Flygaren hoppa ut i fallskjerm. Folk frå Surnadal fann han og han fekk seg ski, men han vart teken av tyskarane og havna i fangeleir i Tyskland der han seinare vart skoten.

Mange hadde interesse for mekanikk og metall, så mange deler av desse flya vart resirkulert. 

IMGP9709.JPG

Magnhild Moen og Svein Ranes (under) var dei eldste i forsamlinga. Magnhild hugsa særleg ei svært fin gravferd etter nokre soldatar som drukna. Dei vart gravlagt her, men seinare flytta til krigskyrkjegarden på Havstein, Trondheim.

IMGP9714.JPG

Svein Ranes opplevde krigen som ung gut og ein gong såg han og nokre andre jamaldringar 10 – 20 tyskarar som øvde seg på ski. Det var ei morosam oppleving, og det registrerte tyskarane. Da fekk gutane klar ordre: - Los, marsch, raus! Gutane forstod.

Magnar Almberg fortalte at tyskarane hadde hestar i Folldalen på oppforing om sommaren. Det var rindalingar som passa dei 14 – 15 hestane på Storsetera. Der finn ein idag kaffikoppar med den tyske ørn og hakekors, store kaffikrus. Det er også ein tysk kikkert der.

Det kom også fram ønske om at det gjerne skulle vore eit krigsminnemuseum i den tyske bunkeren som er like ved Kyrkjelydshuset. Den har 9 rom, det største på 16 kvm.

Avslutningsvis uttrykte Eivind Hasle stor glede over interessa så mange synte ved å møte opp denne dagen. Det viser at mange gjerne vil vite meir om denne tida, dele kunnskap om den og minnast den. No er det viktig at skulen brukar området aktivt i undervisninga og trekkjer inn desse kjeldene. Skulen har ein viktig jobb å gjere her.

Vi viser til dette oppslaget på Trollheimsporten tidlegare. Det viser at skulen ikkje er heilt uvitande om området.

Under vandringa var det ei som uttrykte at det skulle vore forbudt med varmepumper slik at lauvskogen kunne vore rydda unna slik at desse minna vart meir synlege.