Levande på museet

Museet i Bøfjorden fekk luksusproblem søndag. Buakokkå selte tom bacalaogryta og laut laga meir. Og tida strakk ikkje til for alle leikane som stod på programmet.

Så «hårlugg», sekkeløp, «munkarkuler» og sjakk kan dukke opp att på aktivitetsdagen 8. september, lovar styret. Men ingen sakna noko da små og store bokstaveleg leika seg i solskinet.

Levande Tr a Forsamling (1).jpg
Dagen starta med bacalao, bakels og spel rundt borda.
 

Utstilling

Først var det utstilling av leikesaker inne på museet – med bidrag frå mange: Artige bilar frå da dagens pensjonistar var små, flatjekter og leikebåtar - endatil med opptrekksmotor! Mykje gav nostalgisk kribling. Vakre og uttrykksfulle dokker og bamsar skapte stemning. Skumle våpen og skjold minte om tøffe vikingar og westernkriging.

Rattkjelken hans Sverre Eigil var eit praktstykke i seg sjøl - laga av smeden Sigurd Meisingset i Settemsdalen. (Men føret var dårleg da kjøkendamene Kari og Elise sette seg på og skulle kjøre!)

Levande Tr f Kjøkendamene.jpg
Dårleg rattkjelkeføre! Synest kjøkendamene Kari Sollid Heitmann (sjåfør) og Elise Settemsdal. Men kjelken er ekte settemsdalsprodukt.

Levande Tr h1 Sirkus Zoo Jon Storløkken.jpg
Jon Storløkken kom med bilen som bestefaren laga til han for snart 70 år sia. – Som «Sirkus Zoo» vart den sirkusbil, med smådokker som artistar, fortel eigaren.

Levande Tr d Tor Holten Bil.jpg
Tor Holten med bilen han fekk på fødselsdagen for 77 år sia. – Merket er «Flåtten»! sa han.

Kanskje eit hefte?

Å vippe jeppe fekk ein ikkje plass til – det var for mange bilar og folk ute. Men reglane vart skikkeleg gjennomgått, da Tor Holten fortalte korleis dei gjorde det på Toresetra for 60-70 år sia. Med han og andre ekspertar på laget ønskjer Bøfjorden Historielag å få til eit hefte med slike klassiske barneleikar.

Skotthyllkast er ein stor idrett - med klubbar, seriøs satsing og meisterskap rundt i landet. På museumsdagen var den enkle varianten frå Bølandet praktisert. Ei enkel vedskie og ein høveleg stein var alt som trongst da vaksenkarane Geir og Kristian og dei noko yngre Harald, Einar og Varg konkurrerte. Stor spenning og mange treff - og premiering etterpå.

Levande Tr b Geir.jpg
Geir Settemsdal demonstrerer skotthyllkast. Einar, Harald og Ingrid er imponerte!


Paradis og ballkuler frå fjernt og nær

Bidil Kvam Aasbø hoppa paradis etter Rennebu-mønster, og smårollingane tok etter. Like eins rutehopp - ein annan variant av same leiken. Ball-kulene er litt ulike frå bygd til bygd og frå landsdel til landsdel. Randi Bøe demonsterte Hattfjelldalskula, Inger Lise Heggem viste korleis ho hadde lært den på Åsgard og Bodil hadde ei virtuos oppvisning frå Rennebu.

Levande Tr e Bodil Paradis.jpg
Bodil Kvam Aasbø med avansert paradishopping – variant Rennebu.


Artig – og billeg

Avslutningsvis vart det skyting med «hardbust». Det middeladerske krigsvåpenet «armbrøst» har ein lokalspråkleg og mindre farleg avleggar hos oss. Både Ingrid og Varg fekk fart på pilen i børsa - vel å merke: Med alle sikringstiltak på plass. For dette er skumle greier viss ein er uforsiktig!

Levande Tr c Varg.jpg
Pappa Grim skaut godt på Landsskyttarstemnet nyleg. Men Varg har også teften - med hardbust!

To ting kan vi slå fast: Vi har massevis av artige (og billege) leikar å ta i bruk utanom dataspel og dyre kjøpesaker. Og alle samtykte om at bacalao er furkunnmat!

Levande Tr g Utstilling.jpg
Mange stilter ut gamle og litt nyare leiker på museet.
 

Tekst og foto:  Bernt G. Bøe ​