8

Lokalhistorisk vandring i ytre Lomunddalen

Det møtte opp 30 lokalhistorisk interresserte ved Lomunda, laurdag den 30. juni. Veret var på sida vår, med strålande solskin og ein liten bris, det kunne ikkje ha vore betre.

Joralf Halgunset, som har ein artikkel i årsskriftet for heimbygdlaget i 2018 om husmannsplassane i yttergrenda i Lomunddala, var ein ypperleg formidlar.

Turen gjekk gjennom Møkkelgards- og Lykkjgrenda, opp om Rognlia (Kalvgjeret), forbi austre og ytre Møkkelgardstrøa og opp til Liset (Råket). Han hadde mykje interessant å fortelja om livet i Lomunddalen i gamle dagar, både om husmenn, gardeigarar og livet dei levde.

1. Start ved Lomunda.jpg
Folket samla seg ved Lomunda i god tid.

2. Joralf Halgunset.jpg
Joralf Halgunset gjer seg klar til vandring.

3 Lykkjgjeret.jpg
No er vi i gang. Nedafor Lykkjgjeret.

4. Nedafor Rognlia.jpg
Her svingar vi oppover ved Rognlia.

5. Utigard Storlykkja.jpg
Usikt ved austre Møkkelgardstrøa (Vang). Garden nedafor er Utigard Storlykkja. Vi ser over til Asphaug, Høgtun og Høgholten.

6. Bakels og syltetøy.jpg
Det var matpause ved hytta til Ragnhild og Joralf Halgunset i Liset hyttegrend. Vertinna diska opp med kaffe og gode bakels med syltetøy.

7. Ved hytta til Ragnhild og Joralf.jpg
Joralf fortel om husmannsplassane på andre sida av dalen. Restar av husa i Høgholtgjeret står óg i dag. Vi ser dei så vidt på bildet og i Høgholttrøa, som låg ved den grøne glenna vi ser øverst, var Johannes Jensen frå Romedal husmann.

8. 20180630_160155 mindre.jpg
Folket kosa seg i godveret.

9. Nedatt ved austistu Møkkelgard.jpg
Turen nedover att gjekk forbi austistu Møkkelgård. Det vart ein vellukka rundtur på tre timar.

10. Buskenellikk.jpg
Ein einsleg buskenellik nede i ugraset. Kanskje forvilla frå ei lita blomsterseng attmed ein husmannsplass for lenge sidan?

11. Blaaklokkevikua 2.jpg
Frå ”blåklokkevikua” i Lomunddalen.

12. Lydutstyr.jpg
Rindal Heimbygdlag har no investert i trådlaust lydanlegg. Dette fungerer godt, og  det var ei stor lette å sleppe å ha ”lang ledning”.

 

Tekst og foto: Ragnhild Stavne Bolme