IMGP5382

Lys og lamper

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre hadde torsdag formiddag besøk av romsdalingen, museumsmannen og fylkeskulturprisvinnaren Bjørn Austigard. Temaet han kåserte over var lys og lamper gjennom historia, og han innleidde med å ta utgangspunkt i den nye omsettinga av Bibelen.

Austigard hadde med seg ein pappkasse, ein plastpose og ei sinkbøtte med utstyr! Han tok fram eit lys, sette det i ein stake, og tente på. Så refererte han til Bibelen, Matteusevangeliet kap.5 vers 15: Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.

Tok så sinkbøtta og kvelvde over lyset, for å demonstrere dette. Kva står det i den nye bibelomsettinga?
Samme verset lyder no: Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset.

Talglyset vart oppfunne for 800 år sidan, over tusen år etter at Bibelen vart skriven. Dei tidlegaste lyskjeldene var oljelamper. Dei brukte enten planteolje eller dyreoljer med veiker som sugde opp oljen. Her til lands brukte dei mest tranolje. Var billegast, men osa meir enn planteolje. Når talglysa kom, heldt dei fleste fram med å bruke oljelamper. Talglysa var laga av mat! I dei katolske landa begynte dei å lage lys av bivoks. Det var eit reint og fint produkt. Austigard hadde sett at i rekneskapen til Veøy kyrkje i Romsdal var summen til innkjøp av taglys og bivokslys like stor.



 

I 1857 fekk dei ut parafin frå jordolje. Den var lettflytande i minus 40 til pluss 40 grader. Da parafinlampa kom i produsjon i 1859, spreidde den seg like fort som mobiltelefonen har gjort. Har du tenkt på kvifor lampeglasa til parafinlampa har slik smekker og bua form? Det var ikkje kunstnerisk design, fortalde Austigard. Flammen er der glaset er trongast, for der blir flammer trekt opppover og forstørra av varmeutviklinga.


 

Med parafinen tok ein eit steg over i pengehushaldet. Tran var gratis, dei kunne vinne det ut sjølv. Parafin måtte ein kjøpe utafrå – på landhandelen.


 

Så kom elektrisiteten med glødelampa i 1870-åra. Den var lite praktisk den første tida. Elektrisiteten var ferskvare, måtte brukast etter kvart som den vart produsert. Den kunne ikkje lagrast.


 

Elektrisiteten vart bruka til å produsere karbid. Her boltra den utdanna kjemiingeniøren seg i kjemiske formlar, for det var kjemiingeniør Bjørn Austigard utdanna seg til etter artium på Follo. Seinare tok historieinteressa over, og han vart til slutt førstekonservator på Romsdalsmuséet.

Mange i forsamlinga hugsa karbidlampa både til innadørs bruk og spm billykt. Karbidlampa (bildet til venstre) var eigentleg ei gasslampe. Den var i bruk i gruvene på Røros fram til 1954!


 

Forestillinga kunne så avsluttast med å vise til batterilykter, og ikkje minst til dei aller nyaste lyktene med ledpærer som brukar svært lite batteri men gir mykje lys.



 

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre har eksistert i snart eitt år. Eit interimsstyre har fungert i denne tida, og dette var også eit enkelt årsmøte. Interimsstyret har gjennomført 5 arrangement i Halsa, Rindal og Surnadal i 2011.
 

Interimsstyret hadde ikkje mottatt nokon negativ reaksjon på iverksettinga av Senioruniversitetet, så dei meinte det var grunnlag for å fortsette. Namnet skremmer kanskje nokon frå å møte opp, men det vil dei prøve å avdramatisere gjennom det programmet dei presenterer.

Valget var fort gjort og heilt ufarleg for dei frammøtte; «Vi tar gjenvalg!» sa Eivind Hasle på vegne av heile styret. Dermed består styret for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre i 2012 av Helene Marie Nergård, ledar, Eivind Hasle, sekretær, Kåre Sæterbø, kasserar, Johanne Valsø Lervik og Styrkår Brørs.  

Årsmeldinga vil bli lagt ut seinare på infosida til Senioruniversitetet

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre er medlem av Trollheimsporten! Slik kan laget ditt også bli medlem!

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

     

IMGP5359
Mange ville høre historia om lyset
IMGP5360
Eller var det Bjørn Austigard dei venta på?
IMGP5366
Eivind Hasle ønska ein ivrig kåsør velkommen!
IMGP5368
Han sette lyset under ei skjeppe, men berre for ei lita stund!
IMGP5369
Under tenning av dei ulike lyskjeldene bruka han same fyrstikka, tende ho om att på talglyset.
IMGP5371
Lyset skein for alt folket
IMGP5375
Fyrtøyet
IMGP5382
Karbidlampa
IMGP5386
Det vart tid til prat rundt kaffekoppen etterpå