Museum i 50 år
I dag, 8. august, er det 50 år sidan Rindal bygdemuseum, i dag Rindal skimuseum, vart opna. Kopiar av eit par avisutklipp frå denne dagen er alt som finst av arkivmateriale frå opninga på museet. Av desse kan vi lese at dagen vart feira med gudsteneste, skulemusikken deltok og Leif Halse var innleigd som dagens talar.
Førehandsomtale av arrangementet i Adresseavisen 14. juli 1965:
Her ser vi at Løsetlåna blir kalla Nesbu. Det er nok journalisten som har misforstått. Låna kom frå Nestu Løset.
Opningsnemna besto av formann i museumsnemnda Lars Nergård, Per Ljøkjell, Gløer Halvorsen, Borghild Løfaldli, Anny Bakken og Nils Aune.
Første sommaren vart museet besøkt av 105 vaksne og 12 barn og billettprisen var kr 1 for vaksne og 50 øre for barn.
Den første omvisaren, Johan P. Bolme, hadde 18 kr pr dag i lønn.
Slik ser Løselåna ut i dag, 50 år seinare, med Bjørnåsstøggu som tilbygg. I dag er det i alt 15 bygningar på Rindal skimuseum.