Museumsdagar c Odd R og Sabben[1]_690x496

Museumsdagar i Bøfjorden

Bøfjorden Historielag er inne i sin 21. sesong med sommarsøndagar på sjøbruksmuseet. Også komande søndag er museet ope, med kaffe og utstillingar – sjølv om lagets hovudarrangement denne gong er opninga av Kyrkjebåtnaustet på Åsgard.

Sidan sesongstart 7. juni i år har Dagens Tema på Bøfjorden Sjøbruksmuseum helg for helg handla om «Okkupasjon og frigjering», lokal ordkunst, gamle foto, «Finn-Thorkel», fiskebåten «Skrøyfa» og (førre søndag) bureisinga i Slettå for 75 år sia.

 

Vidare utover sommaren byr laget på eldgammal navigasjon etter «solsteinen», 400 år med kultur på «Herresetet Aasgaard», slaktarhistorie, dialekt og musikk ved Tor Erik Jenstad, «Den siste viking» med Bojer-ekspertar frå Rissa og stoff om «Gamle Surendalsøren».

 

Frå 14. til 16. august går Bøfjord-helga og inneheld Kveldheim-samling, kulturdag med Kardemomme-fest og Fjorddag med Framnæs-cruise rundt Bøkleppen.

 

Museumsdagar a Bombesplint_690x1035.jpg

Under programmet 7. juni viste Bernt Bøe denne splinten frå bomba som tyske fly sleppte på Åsgard i april 1940.

Museumsdagar b Oddm S_690x584.jpg

Oddmund Solem har delteke med trekkspelet på to av museumsdagane hittil i år.

Museumsdagar c Odd R og Sabben[1]_690x496.jpg

Odd Ragnar Bekken sørgjer for at Sabben ved museet skaper stemning rett som det er.

Museumsdagar d Eg Snekvik THORKEL_690x495.jpg

Den 28. juni kåserte Egil Snekvik om Same-Thorkel.

Museumsdagar e Slettå_690x483.jpg

75 års bureisinghistorie i Slettå 12. juli. Jan Einar Bæverfjord (t.h.) fortel. Han var fødd i ei tidlegare seterbu her i 1945. Lyttande frå venstre Johannes Holten, Dordi Ørsal Oterholm, Einar Oterholm, Eivind Hasle (delvis skjult), Bjørn Sæterbø, Johnse Sættem (fødd i Slettå i 1945), Edna Skrøvset og Steinar Skrøvset.

Tekst/foto: Bernt G.Bøe.

Plakat NAUSTOPNING 2015 07 19_690x970.jpg