Påske på NMS gjenbruk

NMS melder:

NMS Gjenbruk med årsmøte og NMS med områdestemne

Torsdag 28. mars var det årsmøte i NMS Gjenbruk på Skei. Henny Brenden gjekk no ut av styret pga flytting. Ny i styret vart Kjellrun Heggem. Ho utgjer da styret saman med Arne Drøpping og Gudrun Bele. Gudrun Bele og Kirsti Skei utgjer prisnemnda.

Vi kunne gle oss over at omsetninga og nettoresultat auka frå 2017 til 2019. Med ei omsetning på ca 157.000,- er vi likevel ein liten butikk. Men vi kan gle oss over å vere ein del av eit konsern med 52 butikkar som har ei omsetning på 56 millionar, og eit nettoresultat på 22,5 millionar. Det betyr ein endra kvardag for mange enkeltmenneske i våre samarbeidsland. Som gjenbruksbutikk kan vi også delta i områdestemnet for NMS på Ålvundeid søndag 7. april. Der er det gudsteneste kl. 11 v/ Bjørn Hovde og Einy Rendal Elgæther held talen på misjonsfesten kl.15. Hege Steinsland har glimt frå Etiopia. Mange av kyrkjelydane i Surdalsområdet har nettopp Etiopia som samarbeidsland. 
Dei som vil vere med heile dagen kan melde seg på til Liv Anne Innerdal på tlf 911 19 475. 


Arkivfoto frå NMS Gjenbruk