176_1024x683

No startar skitrimmen!

No køyrer Bøfjorden i.l. og Bæverfjord i.l. i gang årets skitrim! Laga satsar på at nok snø skal vera på plass i Sletta til tysdag 21. januar, men oppfordrar folk om å opne sesongen på Nordmarka allereie torsdag 16. Skitrimmen er for både ungar og vaksne, så skigruppene ønskjer alle i dei to bygdene velkomne til skitrim tilpasse eigen alder og form. Sjå heile skiprogrammet for vinteren ved å gå inn i saka.

Det vil som før bli gratis saft, og sal av bakels og  kaffe  (10 kr) på arrangementa. Er du oppsett på bakelssteikjing i år, tru? Det finn du ut om du går inn på bakelslista  bak oppsettet over aktivitetane for vinteren. Sjå heile skiprogrammet her!

Informasjonsskrivet for skitrimmen vil bli liggjande på infosida til Bæverfjord i.lher på Trollheimsporten.

179_1024x683
Frå eit tidlegare arrangement .