Onsdag
Onsdag Skyet
Skyet
Flau vind
Torsdag
Torsdag Delvis skyet
Delvis skyet
Flau vind
Odd Inge

Nyhetskavalkade Rindal 2010 - mars

Årets nyhetskavalkade for Rindal på Trollheimsporten er henta frå "Rindal ord i bilde", som er å finne i årsskriftet for Rindal Heimbygdlag. For Surnadal vil ein eigen nyhetskavalkade kome kvar dag. Begge kavalkadane kjører bilder og nyheter og skal du få med deg alt kjem nyhetene for ein måned kvar dag fram til 2. januar 2011. I dag er det mars og da sette Rindal Sparebank og banksjef Odd Inge Løfald ny personleg rekord:

Rindal Heimbygdlag er medlem av Trollheimsporten med informasjonsside og du vil finne alle månedene på deira nyhetsside og på kavalkade under På Porten på Hovedsida.

MARS
Rindal sparebank sette i 2009 ny personleg rekord i årsresultat. Kostnadseffektivitet, oppsving i markedet og ingen tap vart lagt til grunn. – Det er godt det, svarte banksjef Odd Inge Løfald på korleis han følte det. – Og det som er så artig er at det gode resultatet gjer det muleg for oss og vera aktiv i lokalsamfunnet i forhold til gaver, la han til. 250 000 kroner vart gitt bort i direkte gaver og banken sette av 1,5 millionar kroner til gavefond. Overskuddet før skatt var i 2009 på 16,476 millionar kroner. Forvaltningskapitalen i rindalsbanken er no på 1,175 milliardar kroner og eigenkapitalen på 134,711 millionar kroner. Kapitaldekninga var 20,54 prosent i 2009.

Hallvard Løfald tykte det gjekk tungt, men vart likevel sjuandemann under åpningsøvinga i junior-NM i Stryn.

Forhandlingar mellom næringsselskapa Profero i Surnadal og Trollheimen NæringsSørvis i Rindal sakulle føre til samanslåing og eit felles selskap for offentleg og privat næringsliv på indere Nordmøre. Profero vart foreslått som nytt selskapsnamn. Men årsmøtet i Trollheimen NæringsSørvis sa nei!

Ein offensiv statssekretær Ola T. Heggem understreka at den sittande regjeringa har som mål at Norge skal ta sin del av ansvaret for å møte matkrisa i ein stadig aukande befolka verden. Heggem var foredragshaldar under landbruksdagen i Surnadal tidleg i månaden. Den tidlegare bonden teikna eit realistisk bilde av norsk landbruk, og meiner det er like stor grunn til å sjå optimistisk på framtida i dag som for nokre år sidan. – Eg kan love at regjeringa har som mål å møte utfordringane i forhold til matkrisa verda står overfor. Det er ikkje rett at vi som eit rikt land, skal overlate desse utfordringane til andre. Dag produserer vi halvparten av maten vi treng sjøl, og det talet skal vi oppretthalde, sa Heggem. I Rindal har talet på mjølkebruk gått ned frå 120 for nokre år sidan til 70 i dag. Samtidig er produksjonen oppretthalden gjennom større bruk og meir effektivitet.

Tilhengerprodusenten Tysse (over til venstre representantar frå Tysse saman med styreleiar Åge Halvorsen og Inge Grøseth i Letthus) gjekk inn på eigarsida i Letthus Rindal as og partane hadde tru på at eit samarbeid ”på hjul” ville gå på skinner framover. Det har vore forhandlingar i tre år og samarbeidet vil trygge arbeidsplassane i Rindal. Frå 8. april tok Tysse over 51 prosent av aksjane i Letthus Rindal as, som tidlegare var 100 prosent eigd av Indre Nordmøre Invest. – For oss er det veldig gledeleg at eit godt merkenamn som Tysse går inn som hovudaksjonær. Ein sterk industrieigar som Tysse vil kunne bidra til å vidareutvikle selskapet Letthus, som og er ein solid merkevare, sa styreleiar Åge Halvorsen i Letthus.

Med trippel utdanning og eit utanlandsopphald i lomma etablerte Hedvig Bakken Bakken Helse  (til høyre) med treningssenter i Rindal og klinikk med yogasal i Børsa. Ho kjøpte lokalene til Ullkorga for fem millionar kroner, bygde om og innreida til nytt treningssenter på 1400 kvadratmeter. Foruten trening og treningsprogram kunne Hedvig tilby fysioterapi, akupunktur og som kiropraktor.

Norsk Kvalitetsmat inngikk ein stor avtale med Coop Norge om å levere fiskekaker og bacalao til Coops X-tra, Obs- og Mega-butikkar. – Den er viktig for oss og er med på å sikre vår vidare eksistens, sa dagleg leiar Ivar Næss.

Rindølrennet til IL Rindøl feira 30 år og Erlend Hoff frå Medkila vart ein klar vinnar. 120 trimmarar gjekk årets renn og 24 gjekk i konkurranseklassen.

- Endeleg, sa Lars Hol Moholdt da det vart pallplass i verdenscupen i skiorientering i midten av månaden. – Verkeleg godt å lykkast – eit kjempeløp frå start til mål, sa han glad etter tredjeplassen på mellomdistansen under verdenscupfinalen i svenske Ånn. Og på stafetten sikra Lars seier til Norge, saman med Eivind Tonna og Hans Jørgen Kvåle. Med den seieren vant Norge og Lars Hol Moholdt verdenscupen i stafett i skiorientering samanlagt. Ein rindaling igjen best i verden! Individuelt vart det femteplass samanlagt. Lars er altså den femte beste skiorienteraren i verda!

Kommunen bevilga 4 millionar kroner ekstra og sikra dermed bygginga av dei fire omsorgsbustadene for yngre bebuarar ved Rindal helsetun – det såkalla Nytunet.

Rindal takka også nei til vidare samarbeid med Blilyst. Rindalingane tykte det rett og slett vart for dyrt og eit einstemmig kommunestyret valgte å ikkje bli med Blilyst inn i eit nytt prosjekt. Samtidig var det prioriteringane til Blilyst som gjorde det mindre interessant å vera med for Rindal.

Åge Jonli (Ap) (til venstre) foreslo i kommunestyret å stoppe det vidare arbeidet med eit skimuseum i Rindal og berre gjere dei nødvendige tiltaka på Heggemsfjøset for å bevare det til seinare. Dette forslaget fekk tre stemmer i kommunestyret og falt. Dermed startar prosessen med innbyding til prekvalifisering for arkitektar og endeleg valg av arkitekt. Prosjektarbeidet med skimuseet skulle starte 1. juni og 1. oktober skulle anbodsgrunnlaget ligge føre. Deretter skal anbod sendast ut og valg av entreprenør skal gjerast av kommunestyret under budsjettmøtet 15. desember.

MOT var på turne og MOT-kommunen Rindal var eit naturleg besøk med konsert og MOT-gründer Atle Vårvik på plass. – Ingen ting er umulig, sa han i eit engasjerande foredrag.

24. mars åpna Bygger’n Rindal nybutikken i Bjergen (nederst staben i dag ved Bygger'n Rindal) med dobbelt utsalgsareal, utvida åpningstid, større utvalg og betre tilgjengelighet.

Ei spørreundersøking som vart gjennomført i samband med merkevarebygginga under mottoet ”Tid til å leve” avslørte at ungdommen i kommunen var lei av å henge i gangen på RindalsTorget. Dei ønska seg ein stad å vera. Ungdomsrådet tok saka i eigne hender og åpna i slutten av mars PuzZlebua (over til høyre fra PuzZlebua) , ein møteplass som dei sjøl skal drive i nyoppussa lokaler i sentrum.

Politikarar og næringslivsfolk møttest i Rindal på initiativ frå ordførar John Ole Aspli for å diskutere veg. Det endte med enighet om å samarbeide på tvers av kommune- og fylkesgrenser for å få fylkesveg 65 i fokus. Da dreier det seg om å utbetre og halde ved like vegstrekningen frå Betna i Halsa, gjennom Surnadal, Rindal og Meldal til Forve i Orkdal.