Image_1024x1409_cropped_790x509

Nytt årsskrift fra Stangvik historielag

Det er mykje godt lesestoff å finne i det nye årsskriftet frå Stangvik historielag. Det startar med fortjent heider og gode minneord til Odin Hals, som gjekk bort i sommar. Leiar Einar Grønnes i historielaget viser til Odin som ein stor ressursperson og ein god aktivitet i laget, der dei kulturelle vandringane er populære. I årsskriftet ser vi frå turen til Torviksetrene i august.

Det er eit innhaldsrikt årsskrift Stangvik historielag presenterer. Redaksjon har vore Marit Haugen, Jarle Røkkum, Lars Steinar Ansnes og Grete Aarnes. Styret i historielaget i 2013 har vore leiar Einar Grønnes, nestleiar Marit Haugen, sekretær Anna Ingeborg Nordvik, kasserar Rolf Lysø og styremedlem Lars Steinar Ansnes.

Kalksteingruva på Årnes
Framsida på årsskriftet (til høgre og over) viser Blekkakaiå, som vart bruka til å laste kalk frå kalksteingruva på Årnes. Kalken kom frå gruva oppi lia med taubane og vart lagra i store siloar på kaia før han vart frakta vidare med fraktebåt. Foto: Olav Torvik. Du finn alt omkring Årnes kalksteinbrudd i årsskriftet, skrive av Kåre Settemsdal. Grete Aarnes følger opp med barndomsminne frå Årnes, der gruva sysselsatte alle mannfolk i grenda som ikke var bønder.

Torbjørn Polden har skrive om kvernene og litt om saga som var ved Gjerstadbekkjen, med både gamle og nye bilder. Kåre Settemsdal har og skrive om Oppistua i Torvik: Ein gard med mange gamle hus, ein  annan ytterkant av gamle Stangvik kommune. John Røsand tek eit tilbakeblikk til 1965 - da Stangvik kommune vart innlemma i "storkommunen" Surnadal.

Ver og vegar i vårløysing
"Ymse ver i eldre tid", av Erling Myrbostad, er interessant i ei tid med miljødiskusjonar og såkalla ekstremver. Det var litt å arbeida med etter vegane i 50-åra også, noko fleire bilder viser. Til slutt har Marit Haugen sett på Kvande & Løkkeidets sparelag, som eksisterte mellom 1906 og 1992.

Dette er berre noko av det som er gått nærare inn på i årsskriftet fra Stangvik historielag, som er medlem av Trollheimsporten. Bli med du også - alle som er med her.

Innhaldsrikt med mange skribentar
Mange skribentar er representert og dei mimrar i mange små artiklar frå mannskoret Søyadøl, halsesjuka på Eidet 1860-1863, skogplanting og Grytskog skule 1943-1944, gammelvegar og ymse snarvegar og ikkje minst da Lars Øro armaut bjønn' (på Ålvundfjordmål). Vi kan og nemne "Ein veg i fjellet", "Den trondhjemske postvei" og fotballkamp på gardsplassen oppå Haugen og mykje meir som konfirmasjonsbilde og skulebilde og ikkje minst eit fint dikt frå Peder Østbø.

Leiar Einar Grønnes håper årsskriftet fell i smak og ber om at fleire kan bidra med eit eller anna til skriftet neste år. I tillegg øsnker han seg fleire medlemmer til Stangvik historielag.