årsskrift 20120001_1024x1516

Nytt innhaldsrikt årsskrift frå Rindal Heimbygdlag

Rindal Heimbygdlag tek vare på tradisjonane. No har årsskrift nummer 29 kome ut og er å få kjøpt hos Coop Prix Rindal, Coop Marked på Nybø og Surnadal Bokhandel Notabene. De vil finne mange kjente skrivarar og kjente emne i år og. Rindal i ord og bilde ved Willy Karlstrøm er sjølsagt med. Likeeins Rindal for 100 år sidan ved Fredrik Løset, som også i år har vore redaktør for årsskriftet.

Frå innhaldet i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag saksar vi:
Fredrik Løset saman med Edgar Landsem har sett på skatt, inntekt og prisar frå 1950. Fredrik har fått tak i eit brev, skrive i 1877, av ein rindaling som gjekk på folkehøgskule på Byneset. Den viktigaste hendinga det er fortalt om i brevet er nok at brevskrivaren hadde høyrt Bjørnstjerne Bjørnson tale i Trondheim. Fredrik har og tankar kring ei gammal stakkstong.

I år er det og Fredrik Løset som går langs ein gammal seterveg til Langholtsetrene. Serien om husmannsplassar har gått i mange år, no er turen kome til Elshaug og Grønli. Arvid Koksæter og Ola Sæther har kome til Bolme bedehus i serien om bedehusa i Rindal. Ola Sæther skriv og om miljø og humor på Kjerkholtgarda.

Andre kjente skrivarar i årskriftet i år er Ivar Bakk som tek oss med ut i skogen til fugleliv og eggsamling. Jon Langli er og i skogen og fortel om bruk av ulike tresortar. Bruk av tre er og emnet Reidar Halgunset tek for seg i år når han fortel om snekkering i 80 år på Grøset. Jon Sveen er innom så ulike emne som ei reise gjennom Norge på 1700-talet, erindringsliste i dagbok og koppevaksinasjonsattest.

Rindal Heimbygdlag har gjeve ut ei bok med rindalshumor. I denne boka var den geografiske fordelinga noko skeiv. Dette prøver ein å rette opp med å starte ein serie med humor frå Øverbygda. Det er Joralf Halgunset som har ført desse historiene i pennen.

Ildri Grønli har mange minne frå eit langt liv. No har ho delt minne frå dramatiske krigsår på Follo med Willy Karlstrøm. Nye skrivarar er og med. Anne Skjølsvold har hatt kontakt med slekta til Anne Marie Falkberget, gift med forfattaren Johan Falkberget. Anne Marie var fødd Skjølsvold, faren kom frå Rindal.

Alt dette i årets årsskrift frå Rindal Heimbygdlag - med informasjonsside på Trollheimsporten. Bli med du også - alle som er med her!

Styret i Rindal Heimbygdlag. Attom leiar Ann Ingeborg Grimsmo. Frå venstre Gunnar Nergård Løseth, Edgar Landsem, Ragnhild Stavne Bolme og Willy Karlstrøm: