årsskrift 20120001_1024x1516

Les om Ildri Grønli og hennar opplevingar frå Follo under krigen

Nytt innhaldsrikt årsskrift frå Rindal Heimbygdlag

Rindal Heimbygdlag tek vare på tradisjonane. No har årsskrift nummer 29 kome ut og er å få kjøpt hos Coop Prix Rindal, Coop Marked på Nybø, Bunnpris på Sunna og Surnadal Bokhandel Notabene. De vil finne mange kjente skrivarar og kjente emne i år og. Rindal i ord og bilde ved Willy Karlstrøm er sjølsagt med. Likeeins Rindal for 100 år sidan ved Fredrik Løset, som også i år har vore redaktør for årsskriftet. Les meir om Ildri Grønli (87):

Frå innhaldet i årsskriftet til Rindal Heimbygdlag saksar vi:
Fredrik Løset saman med Edgar Landsem har sett på skatt, inntekt og prisar frå 1950. Fredrik har fått tak i eit brev, skrive i 1877, av ein rindaling som gjekk på folkehøgskule på Byneset. Den viktigaste hendinga det er fortalt om i brevet er nok at brevskrivaren hadde høyrt Bjørnstjerne Bjørnson tale i Trondheim. Fredrik har og tankar kring ei gammal stakkstong.

I år er det og Fredrik Løset som går langs ein gammal seterveg til Langholtsetrene. Serien om husmannsplassar har gått i mange år, no er turen kome til Elshaug og Grønli. Arvid Koksæter og Ola Sæther har kome til Bolme bedehus i serien om bedehusa i Rindal. Ola Sæther skriv og om miljø og humor på Kjerkholtgarda.

Andre kjente skrivarar i årskriftet i år er Ivar Bakk som tek oss med ut i skogen til fugleliv og eggsamling. Jon Langli er og i skogen og fortel om bruk av ulike tresortar. Bruk av tre er og emnet Reidar Halgunset tek for seg i år når han fortel om snekkering i 80 år på Grøset. Jon Sveen er innom så ulike emne som ei reise gjennom Norge på 1700-talet, erindringsliste i dagbok og koppevaksinasjonsattest.

Rindal Heimbygdlag har gjeve ut ei bok med rindalshumor. I denne boka var den geografiske fordelinga noko skeiv. Dette prøver ein å rette opp med å starte ein serie med humor frå Øverbygda. Det er Joralf Halgunset som har ført desse historiene i pennen.

Ildri Grønli har mange minne frå eit langt liv. No har ho delt minne frå dramatiske krigsår på Follo med Willy Karlstrøm. Nye skrivarar er og med. Anne Skjølsvold har hatt kontakt med slekta til Anne Marie Falkberget, gift med forfattaren Johan Falkberget. Anne Marie var fødd Skjølsvold, faren kom frå Rindal.

Alt dette i årets årsskrift frå Rindal Heimbygdlag - med informasjonsside på Trollheimsporten. Bli med du også - alle som er med her!

Ildri Grønli på Follo i dramatiske krigsår
Eg hugsar vi låg på kne og såg gjennom nøkkelholet, eg og tante Magda. Da såg vi revolveren på nattbordet. Det var utruleg spennande, fortel Ildri Grønli (87). Ho minnes dramatiske dagar, veker og år da ho gjekk på Follo – Orkdal Landsgymnas – i krigsåra. Ho gjekk fire år på Follo – det siste ved Orkanger Folkeskole og opplevde dramaet omkring sprenginga av Thamshavnbanen gjennom tynne vegger hos tante Magda og Olaf Grønli, der ho budde.

Motstandsrørsla og karane som planla sprenginga, leigde nemleg rom ved sidan av Ildri, som fekk oppleve korleis planlegginga gjekk framover.

Hørte dei gjennom veggen
– Eg hørte dei godt gjennom veggen. Blant anna var Peter Deinboll der, og søstera hans – Lisa – som har skrive bok om desse hendingane – gjekk på Follo i parallellklassen min, fortel ho. Peter Deinboll ar blant desse karane. Om han deltok i aksjonar som vart planlagt frå rommet hos Magda og Olaf Grønli, veit vi ikkje. Du kan lese om aksjonane og Peter Deinboll i ei eiga sak omkring dette i årsskriftet.

For Ildri er det ikkje så lett å tidfeste verken kva for år eller aksjon som vart planlagt. Truleg var det fleire.

– Den første eg minnest var litt mislykka, forsto eg gjennom det som vart sagt. Men seinare hørte eg det hadde kome sabotørar til oss, som hadde hoppa ut over Hemnekjølen. Og eg forsto aksjonane var retta mot både Bårdshaug og Thamshavnbanen, seier ho.

Sykla kvar dag
Ildri Grønli budde på Orkanger og sykla til Follo kvar dag. Da ho passerte Bårdshaug, der tyskarane heldt til, var ho alltid redd. – Ein dag var det skikkeleg holkeføre og eg måtte gå med sykkelen, og veit du ikkje: Midt framfor vakta ved Bårdshaug, datt eg på rompa, sjølv om eg sa til meg sjølv at no må du vera forsiktig. Du skulle ha sett ei som var snar til å kome seg opp. Trong ikkje hjelp frå noko tysker nei, ler ho.

– Så hugsar eg ein gong fylkesførar i NS, ein Rokstad, var innom oss på Follo. Han ville verve folk til NS, men det var ikkje mange som beit på. I staden hugsar eg to jenter som stilte med raud huve trekt godt nedover ørene. Dei såg svært dumme ut, fortel Ildri. Som kjent var raude topphuver ei markering av motstand!

– Men på Follo var det ikkje nazistar. Rektoren – ein Salvesen – vart teken og kom på Falstad, minnes ho og legg til at berre tovar med i NS. – Ingen av dei fullførte skulen, og den eine fall ved austfronten, seier ho.

Skjøna det var alvor
Hos tante Magda på Orkanger var det tre rom og kjøkken. Olav Sæter og Olav Hovsbakken, begge aktive i Heimefronten, leigde rom der.

– Brått ein kveld kom det fleire karar inn på rommet ved sidan av mitt – og eg kunne ikkje unngå å høre kva dei dreiv på med gjennom dei tynne veggane. Eg sprang inn på kjøkkenet til onkel og tante og ropa: Dei skal sprenge! fortel Ildri Grønli. Det var både skummelt og spennande.

– Men tante og onkel fekk roa meg ned, og seinare hørte eg dei planla aksjonane, korleis dei sette saman ladningane, brukte magnetar for å få bombene til å feste seg, korleis dei diskuterte plasseringa av bombene og korleis dei kopla dei saman med leidningar. Ein dag traff eg på ein av karane i tråppa, med fullt av leidningar i eit vaskevannsfat, fortel ho og legg til: - Eg tykte det var skikkeleg nifst!
Heldt kjeft heile krigen.

- Vi visste det var noko som foregjekk, men var ikkje sikker på riktig kva, seier ho. Likevel greidde Ildri å halde tett heile tida.

– Eg turde ikkje seie noko verken på skulen eller heime i Rindal. Eg la merke til kor nøye karane var med å bruke uniform. Utapå hadde dei vide frakkar. Vart dei tekne med uniformer kom dei inn under krigslover.

Ryktene gjekk på Follo
– Ein dag var det ein av karane som kom inn og var både sint og sur og gællin. Da hadde han vore ute og skulle sondere etter kvar det var best å legge sprengladningane. Da kom han over ein tyskar som låg og klina med ei norsk jente akkurat der han sondera. Det lika han dårleg!

Ildri Grønli er ei sprek dame og gjer gymnastikk kvar dag og tek framleis spagaten. Under er ho fotografert av Tormod Løfald i unge år.

Styret i Rindal Heimbygdlag. Attom leiar Ann Ingeborg Grimsmo. Frå venstre Gunnar Nergård Løseth, Edgar Landsem, Ragnhild Stavne Bolme og Willy Karlstrøm: