Nytt lokalhefte: "Gamle Nordmør"
Gunnvald Bøe har skrive om artige båt-namn
Du kan lesa om artige båt-namn, felebyggjaren Lars O. Hoem og trollmannen Erk på Heggem. Bureisinga i Slettå på 1940-talet er sett på vers av Johnse Sættem. Asbjørn Bævre fortel om forliset med «Statraad Riddervold» i 1944, der han var med.
Her er artiklar om skiløpar og VM-vinnar Sigurd Røen, dramatiske bjønnahistorier ved lærar Ole Aalmo (1861-1943), musikkgruppa «Styrbord» og om julesongen som vart til i krigsfangenskap på Grini.
Du finn eventyr frå Nordmøre og kan lesa om tekstilagent Hans Hyldbakk (fortalt av han sjøl), om tegneserien «Vangsgutane» og mykje anna. Det er massevis av historiske bilete i heftet.
Sjøl om årsskriftet kom ut til jul, er det ikkje eit typisk julehefte. Stoffet er kulturhistorie og er ikkje bunde til ei bestemt tid på året.
|
«Gamle Nordmør» er å få kjøpt i bokhandel og butikkar i Surnadal, Sunndal og Halsa, i nettbutikken til Fosna Kulturverkstad eller direkte frå Bøfjorden Historielag.
Bernt G. Bøe
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større oh som bildeserie!
.